Canica AS er eit norsk investeringsselskap skipa av Stein Erik Hagen. Selskapet vart etablert i 1985 av Hagen for å kontrollera Rimi-kjeda, som Hagen etablerte i 1977. Kjeda vart seld i 2004.

Stein Erik Hagen leidde selskapet frå byrjinga. Frå 2009 kom tre av barna hans, Camilla, Caroline og Carl Erik, med som aktive eigarar.

Canica AS eig 100 % av Jernia, F&H Group og The Well, og eig delar av Orkla, Komplett, og Anora. I tillegg har føretaket betydelege finansielle investeringar og eig eigedommar for 9 milliardar kroner.

Selskapet har òg disponert eit privatfly av typen Falcon 900EX EASy, som Hagen kjøpte i 2007 for 250 millionar kroner. Privatflyet vart operert av Sundt Air.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Canica» frå , den 14. oktober 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1985 Kategori:Norske føretak