Robert David Rothstein (), betre kjend som Rob Stoner, er ein USA-amerikansk multi-instrumentalist.

Stoner starta karrieren sin med forskjellige artistar i New York City, og spelte mellom anna på Don McLean-songen «American Pie». I 1973 byrja han ein solokarriere. I 1975 fekk han jobben som bandleiar og bassist i bandet til Bob Dylan, og spelte med Dylan på Rolling Thunder Revue-turneen. Han song og spelte på fleire Dylan-innspelingar.

Etter Dylan spelte han med ei rekkje andre artistar som Chris Spedding, Link Wray, Robert Gordon, Chuck Berry og Joni Mitchell.

Diskografi 1980 – Patriotic Duty – MCA Records – (MCA-5118) 1983 – If You Want It Enough – Sun Records – (Sun 1031)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rob Stoner» frå , den 29. november 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske multiinstrumentalistar Kategori:USA-amerikanske rockebassistar