Firebyrd er eit studioalbum frå 1984 av Gene Clark.

Albumet var enno eit album av Clark som fekk strålande kritikk då det kom ut, men som selde særs dårleg, hovudsakleg på grunn av dårleg distribusjon. I tillegg til originale songar spelte Clark inn to gamle The Byrds-songar, «Mr. Tambourine Man» og «Feel a Whole Lot Better», i tillegg til Gordon Lightfoot sin «If You Could Read My Mind».

Clark flytta til Hawaii i 1980 med Jesse Ed Davis for å prøve å overvinne narkotikamisbruket og var der til slutten av 1981. Då han kom tilbake til Los Angeles samla han eit nytt band og produserte eit album kalla Firebyrd (tittelen viser til at han var bandmedlem i The Byrds og Firefall). Medan han venta på at Firebyrd skulle kome ut, slo Clark seg saman med Chris Hillman og andre i eit mislukka prosjekt kalla Flyte, som ikkje klarte å få platekontrakt og som derfor raskt vart oppløyst. Firebyrd kom til slutt ut i 1984 samstundes med plater av R.E.M. og Tom Petty, som hadde tent ei ny interesse for The Byrds.

Innhald

Medverkande Gene Clark - gitar, solovokal Bret Bloomfield - bassgitar Andy Kandanes - trommer, korvokal Bud Shank - fløyte (spor 9) Herb Pedersen - harmonivokal David Ossie Ahlers - klaverinstrument, synthesizer Greg Douglas - sologitar, slidegitar Chris Hillman, Thomas Jefferson Kaye - korvokal

Produksjon Produsent: Andy Kandanes Medprodusent: Thomas Jefferson Kaye

Kjelder

Kategori:Gene Clark-album Kategori:Musikkalbum frå 1984