Robert Elwood Bly () var ein amerikansk forfattar frå Minnesota. Han verka også som psykolog.
Bly gav ut over 40 diktsamlingar og redigerte ei rekkje antologiar. Han gjendikta verka frå norsk, svensk, tysk, spansk, persisk og urdu. I 2008 blei han utnemnd til den første poet laureaten i Minnesota. I 2013 blei han tildelt Robert Frost-medaljen av Poetry Society of America.
Liv Bly var fødd i Lac qui Parle County i Minnesota, og har budd det meste av livet sitt nær Madison, den største byen i fylket. Foreldra, Jacob og Alice Bly, hadde norske anar. Forfedrane på farsida kjem frå Bleie i Hardanger. På morsida kjem dei frå Beitstad i Trøndelag og Lunner på Hadeland.
Etter å ha fullført high school i 1944 blei Bly med i marinen, der han var i to år. Deretter studerte han i eit år ved St. Olaf College i Minnesota før han blei student ved Harvard University. Mange seinare kjende forfattarar var der samtidig med han, som Donald Hall, Will Morgan, Adrienne Rich, Kenneth Koch, Frank O'Hara, John Ashbery, Harold Brodkey, George Plimpton og John Hawkes. Han gjekk ut frå Harvard i 1950 og budde nokre år i New York.
I 1954 byrja Bly på eit toårig studium ved University of Iowa, der han tok ein mastergrad ved Writers Workshop saman med mellom anna W.D. Snodgrass og Donald Justice. I 1956 fekk han høve til å dra til Noreg for å omsetja norsk litteratur ved hjelp av Fulbright-programmet. I Noreg fann han både norske slektningar og blei kjend med mange typar utanlandsk litteratur som då var ukjend i USA. Bly bestemte seg for å skipa eit litterært tidsskrift for diktomsetjing i USA. Dette blei til blada The Fifties, The Sixties og The Seventies. Bly introduserte samtidige diktarar som Pablo Neruda, Cesar Vallejo, Antonio Machado, Gunnar Ekelof, Harry Martinson, Georg Trakl og eldre diktatar som Rumi, Hafez, Kabir og Mirabai for sin generasjon. Han skreiv også om amerikanske diktarar i blada.
Tilbake i USA slo Bly seg ned på ein gard i Minnesota, der han budde med kone og barn. Den første kona hans var den prisvinnande forfattaren Carol Bly. Dei fekk fire barn, mellom dei forfattaren og litteraturprofessoren Mary Bly, men skilde seg i 1979. I 1980 gifta Bly seg med Ruth Counsell.
Bly engasjerte seg sterkt i kampen mot Vietnamkrigen, og var med på å skipa organisasjonen The American Writers Against the Vietnam War i 1966. I 1968 skreiv han under på erklæringa Writers and Editors War Tax Protest, der dei underteikna nekta å betala skatt i protest mot krigen."Writers and Editors War Tax Protest", New York Post, 30. januar 1968. Då han tok imot National Book Award for The Light Around the Body i 1968 kunngjorde Bly at han kom til å gje 1000 dollar av prispengane til organisasjonar som kjempa mot militærinnkallinga.
Bly gav ut eit stort tal verk: poesi, mange omsetjingar frå skandinaviske og andre språk, prosa og faglitteratur. Han omsette mellom anna Knut Hamsun, Olav H. Hauge og Tomas Tranströmer til engelsk. Iron John frå 1990 ( Mannen i norsk omsetjing fra 1992) er ei bok om mannleg psykologi som fekk stor merksemd, og var lenge ved toppen av dei amerikanske bestseljarlitene. Bly har vore særs oppteken av mannsrolla, og har drive mykje seminar- og konferanseverksemd kring dette emnet.
Bly fekk i 2008 Amboltprisen for arbeidet sitt med å gjera Hauge si dikting kjend.
Verk Dikt
Stealing Sugar from the Castle: the Selected Poems of Robert Bly (Norton 2013) Turkish Pears in August: Twenty-Four Ramages (Eastern Washington University Press, 2007) The Urge to Travel Long Distances (Eastern Washington University Press, 2005) My Sentence Was a Thousand Years of Joy (HarperCollins, 2005) – norsk gjendiktning – Dei dømde meg til tusen år i glede. Gjendikting ved Odd Goksøyr og etterord ved Øyvind Vågnes (2015) (Ura Forlag) The Night Abraham Called to the Stars (HarperCollins, 2001) – norsk gjendiktning – Den natta Abraham ropte til stjernene. Gjendikting ved Odd Goksøyr og etterord ved Per Olav Kaldestad (2014) (Ura Forlag) Eating the Honey of Words: New and Selected Poems (1999) Snowbanks North of the House (1999) Morning Poems (1997) – norsk gjendiktning – Morgondikt: prosadikt og dikt frå nittitalet. Utval, gjendikting og etterord ved Helge Torvund Samlaget (1999) Meditations on the Insatiable Soul (1994) What Have I Ever Lost by Dying?: Collected Prose Poems (1992) Loving a Woman in Two Worlds (1985) Selected Poems (1986) Mirabai Versions (1984) The Man in the Black Coat Turns (1981) This Tree Will Be Here for a Thousand Years (1979) This Body is Made of Camphor and Gopherwood (1977) Old Man Rubbing His Eyes (1974) Jumping Out of Bed (1973) Sleepers Joining Hands (1973) Odin House, Madison, Minnesota. Dikt av Robert Bly. Gjendikting av Tor Obrestad Olav H. Hauge, Paal- Helge Haugen og Einar Økland(1972) (Samlaget) The Light Around the Body (1967)- som vant National Book Award The Lion's Tail and Eyes (1962) Silence in the Snowy Fields (1962)
Antologiar
The Best American Poetry (1999) The Soul Is Here for Its Own Joy: Sacred Poems from Many Cultures, Ecco Press (1995) The Darkness Around Us Is Deep: Selected Poems of William Stafford (1993) The Rag and Bone Shop of the Heart: Poems for Men (1992) News of the Universe (1980) Leaping Poetry (1975) A Poetry Reading Against the Vietnam War (1967)
Omsetjingar til engelsk
Peer Gynt (verse play) – by Henrik Ibsen (2008) The Winged Energy of Delight: Selected Translations, HarperCollins (2004) The Half-Finished Heaven: The Best Poems of Tomas Tranströmer, Graywolf Press (2001) The Lightning Should Have Fallen on Ghalib: Selected Poems of Ghalib, (with Sunil Dutta, 1999) Lorca and Jiménez: Selected Poems, Beacon Press (1997) Ten Poems of Francis Ponge Translated by Robert Bly & Ten Poems of Robert Bly Inspired by the Poems of Francis Ponge (1990) Trusting Your Life to Water and Eternity: Twenty Poems of Olav H. Hauge (1987) Machado's Times Alone: Selected Poems (1983) Eight Stages of Translation (1983) The Kabir Book (1977) Friends, You Drank Some Darkness: Three Swedish Poets — Martinson, Ekeloef, and Transtromer (1975) Neruda and Vallejo: Selected Poems (1971) Hunger (novel) — by Knut Hamsun (1967)
Sakprosa
Remembering James Wright (2005) The Maiden King : The Reunion of Masculine and Feminine (co-authored with Marion Woodman), Henry Holt & Co (November 1998) ISBN 0-8050-5777-3 The Sibling Society, Addison-Wesley (1996) The Spirit Boy and the Insatiable Soul (1994) American Poetry: Wildness and Domesticity (1991) Iron John: A Book About Men (1990) ISBN 0-201-51720-5, Norsk utgave Mannen, Gyldendal (1992) A Little Book on the Human Shadow, (med William Booth, 1988) Talking All Morning: Collected Conversations and Interviews (1980)
Prisar og utmerkingar (utval)
1968 - National Book Award for The Light Around the Body"National Book Awards – 1968". National Book Foundation. Henta 3. mars 2012. (With acceptance speech by Bly and essay by Patrick Rosal from the Awards 60-year anniversary blog.) 2000 - McKnight Foundation's Distinguished Artist Award 2002 - Maurice English Poetry Award 2008 - Tomas Tranströmerprisen 2008 - Amboltprisen 2013 - Robert Frost-medaljen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Robert Bly» frå , og «Robert Bly» frå den 18. mars 2019.
Bakgrunnsstoff
Nekrolog i StarTribune, Minnesota Informasjon The ManKind Project of Chicago, supporting men in leading meaningful lives of integrity, accountability, responsibility, and emotional intelligence "Robert Bly reads 'Loon's Cry' " for the WGBH series, New Television Workshop 35th Annual Conference on the Great Mother and the New Father Robert Bly – The Academy of American Poets Annual Minnesota Men's Conference, Sept. 30th – October 5th, 2008, Robert Bly, and others.. A ManKind Project(tm) Website featuring the New Warrior Training Adventure and a focus on Men's Issues Mythopoetic mens movement Men's Council of Greater Washington Annual Men's Gathering MenWeb – Men's Issues Interview with Robert Bly Modern American Poetry Collection – Ball State University Archives and Special Collections Research Center "Å bli mann" – Innlegg i Aftenposten 16.10.06 av Vebjørn Sand
Kritikk (Engelsk) Gjennomgang av Blys 'The Sibling Society' med utdrag.
Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:Norsk-amerikanarar Kategori:Folk frå Lac Qui Parle County Kategori:Fulbright-stipendiatar Kategori:Vinnarar av Amboltprisen