Do You Believe in Magic er debutalbumet til folkrockgruppa The Lovin' Spoonful. Det kom ut i november 1965 på Kama Sutra. Albumet inneheld hittane «Do You Believe in Magic» (9. plassen i USA) og «Did You Ever Have to Make Up Your Mind?» (2. plassen i USA).
Do You Believe in Magic kom ut på CD i 2002 med fem bonusspor.
Mottaking
I meldinga si for Allmusic skreiv musikkskribenten William Ruhlmann at «Albumet utbroderer den varsame, vinnande låtskrivarstilen til Sebstian. Albumet synte òg jugband-røtene til gruppa i arrangementa deira av dei tradisjonelle songane. The Spoonful vert hugsa som ein reiskap for låtskrivinga til Sebastian, men Do You Believe in Magic var ei solid samling som synte at dei var effektive som ei gruppe.»
Innhald
Medverkande John Sebastian – vokal, gitar, autoharpe, munnspel, orgel Steve Boone – bass, vokal Joe Butler – trommer, perkusjon, vokal Zal Yanovsky – elektrisk og akustisk gitar, vokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Do You Believe in Magic (album)» frå , den 21. mars 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Lovin' Spoonful-album Kategori:Debutalbum frå 1965 Kategori:Kama Sutra Records-album Kategori:Album produserte av Erik Jacobsen