Bogstunnelen er ein 3482 meter lang tunnel på europaveg 39 i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane. Tunnelen går gjennom fjellet Fløyen mellom Bogen ved Vadheimsfjorden og Teigen ved Sognefjorden. Arbeidet med tunnelen starta i januar 2002, og han vart opna 11. juni 2004. Tunnelen erstatta eit rasfarleg vegparti. Den gamle vegen hadde tre kortare tunnelar. Bogstunnelen er bygd etter vegnormalen T9, dvs. at han har eit tverrsnitt på ni meter.

Den gamle Bogstunnelen (636 m) på gamlevegen ved Vadheimsfjorden er omdøypt til «Flotenestunnelen».

Sjå òg

Vegtunnelar i Noreg Undersjøiske vegtunnelar i Noreg

Referansar

Bakgrunnsstoff

NRK Sogn og Fjordanes fylkesleksikon: Vegen Bogen – Teigen Kategori:2004 i Noreg Kategori:Vegar i Høyanger Kategori:Sider utan gjennomgåtte omsetjingar