MF «Fjordgar» er ei bilferje bygt i 1967 som MF «Torulf».

Ferja vart opphavleg bygt for å gå i rute mellom Ulsteinvik, Torvik og Runde, og erstatta ei tidlegare ferje med same namn. Etter at Herøybrua opna i 1976 gjekk ferja mellom Torvik og Runde fram til Rundebrua kom i 1982. Den siste strekninga «Torulf» trafikkerte under MRF-flagg var Molde – Bolsøya.

I januar 1990 vart ferja selt til Øygarden & Sotra Rutelag og omdøypt «Fjordgar». I 1992 vart ho overteken av Vest Trafikk og til slutt i august 2000 av HSD. Sidan vart reiarlaget omdøypt Tide Sjø og Norled. I heile denne perioden og fram til 31. desember 2011, gjekk ho i sambandet Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad.

I juli 2012 vart ferja seld til Nordic Jet Line i Finland og omdøypt «Nordic Eider». Der var ho reserverferje og fraktebåt frå Kotka til Pyhtää. Seint i 2014 vart ho kjøpt attende til Noreg av Gulen skyss og fekk namnet «Rosesund». Ho vart då reserveferje på Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad.«Får ny reserveferge» Vestnytt

Ferjesamband 1967 - 1968: Ulsteinvik-Torvik 1968 - 1976: Ulsteinvik-Torvik-Runde 1976 - 1982: Torvik-Runde 1983 - 1989: Molde-Bolsøya 1989 - desember 2011: Klokkarvik–Lerøy–Bjelkarøy–Hjellestad Juli 2012 - november 2014: Kotka - Pyhtää Sidan 2015: Reserveferje Klokkarvik–Lerøy–Bjelkarøy–Hjellestad

Kjelder «Torulf» på Fjordfähren in Norwegen

Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Møre og Romsdal Kategori:MRF-eigde fartøy Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1967 Kategori:Skip bygde ved Hatlø Verksted Kategori:1967 i Noreg