Hanne Benedichte Skartveit () er ein norsk journalist, statsvitar og jurist med lang verketid i Verdens Gang. Sidan 2009 har ho hatt stillinga som politisk redaktør i avisa.
Bakgrunn Skartveit vart fødd i Oslo som dotter av forlagsdirektøren og programredaktøren i NRK Andreas Skartveit. Ho tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1985, ex. phil. ved Universitetet i Oslo i 1986 og 2. avdeling jus frå same stad i 1989. Skartveit har juridisk embetseksamen og ein mastergrad i internasjonal politikk frå Paul H. Nitze School of Advanced International Studies ved Johns Hopkins University i Washington, D.C.
Karriere
Ho var nestleiar i Studenttinget i Studentsamskipnaden i Oslo i 1987 og politisk journalist i Arbeiderbladet 1990–1991. Ho har òg politisk bakgrunn frå AUF og Sosialdemokratisk Studentforbund.
Skartveit har jobba i VG sidan våren 1991, og var politisk reporter i avisa fram til 2000. Då tok ho eit avbrekk frå jobben for å fullføra jusutdanninga. Seinare fekk ho tilbod om å verta kommentator i VG, før ho etter eit opphald i Washington vart leiar for leiar- og kommentaravdelinga i same avis. 1. januar 2009 tok ho over stillinga som politisk redaktør i VG etter Olav Versto.
I 1999 vart ho tildelt eit SKUP-diplom for prosjektet Fylkespolitikerne – politikkens lønsadel.
I 2012 vart ho tildelt Gullpennen av Riksmålsforbundet.
Ho er gift med journalisten og programleiaren Gerhard Helskog.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på Hanne Skartveit frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 12. oktober 2018 Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Elevar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Norske juristar Kategori:Journalistar i Dagsavisen eller forlauparar