Mary Louise Barratt Due () var ein norsk pianist og pedagog. Saman med mannen Henrik Adam Due stifta ho Barratt Due musikkinstitutt i 1927.
Due var fødd i Bergen som dotter av predikanten Thomas Ball Barratt og Laura Jacobsen. Familien flytta til Kristiania året etter at ho vart fødd.
Due byrja tidleg å spela klaver. Som tiåring fekk ho dispensasjon frå aldersgrensa på tolv år og byrja på Musikkonservatoriet i Oslo. Fire år seinare drog ho til Roma og studerte ved Santa Cecilia-akademiet, der ho tok diplomeksamen i 1907. I 1906 debuterte ho i Kristiania.
Ho hadde ei omfattande konsertverksemd. Yndlingskomponistane var Franz Liszt og Frédéric Chopin. Ho var òg open for den nye impresjonistiske stilen, og var blant dei første i Noreg til å setja Claude Debussy på programmet.
I 1916 gifta ho seg med Henrik Due, og i 1927 starta dei musikkinstituttet, som var banebrytande innan musikkpedagogikken. Ho heldt fram konsertverksemda, ofte med samtidsmusikk på programmet, samstundes som ho studerte musikkundervising, blant anna i USA.
Saman med komponisten Eyvind Alnæs gav ho ut boka Norsk pianoskole i 1931.
Frå 1948 var ho president i den europeiske soroptimistrørsla.
Due var mor til musikarane Stephan Henrik Barratt-Due og Esther Barratt-Due.
Ho døydde i Oslo.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mary Barratt Due» frå , den 13. mai 2019.
Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske klassiske pianistar Kategori:Norske musikkpedagogar