Mtskheta (georgisk მცხეთა) er ein by i Georgia som ligg om lag 20 kilometer nordvest for Tbilisi. Han er administrasjonssentrum i regionen Mtskheta-Mtianeti. Dei historiske bygningane i Mtskheta står på UNESCO si liste over verdsarv.

Dei eldste arkeologiske funna i byen er datert til før 1000 f.Kr., og han er dermed ein av dei eldste byane i Georgia. Mtskheta var hovudstad i det gamle kongedømet Kartli frå 2000-taletf.Kr. til 400-talet e.Kr. I 337 blei kristendommen utropt til den offisielle religionen i landet her, og den georgiske kyrkja har framleis hovudsete i Mtskheta.

Svetitskhoveli-katedralen i Mtskheta er den viktigaste kyrkja i Georgia. På ei høgd nær byen ligg Jvari-klosteret, som er eit anna viktig døme på tidleg georgisk arkitektur.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mtskheta» frå , den 29. mai 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Georgia Kategori:Verdsarv i Asia