Go to Heaven er det ellevte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Grateful Dead, gjeve ut 28. april 1980 på Arista Records. Det er òg det første albumet deira med klaverspelaren Brent Mydland. Go to Heaven var det siste studioalbumet deira på sju år og for tredje gongen på rad brukte dei ein ekstern produsent, Gary Lyons.

Innspeling Klaverspelaren Keith Godchaux og vokalisten Donna Godchaux slutta i Grateful Dead i februar 1979 og vart erstatta i begge stillingar av Brent Mydland. I følgje platekontrakten til bandet måtte dei gje ut eit studioalbum til før dei fekk gje ut eit konsertalbum. Som på dei to førre albuma brukte dei ein ekstern produsent, som var avtalen deira med Clive Davis. Davis sende den britiske produsenten Gary Lyons, som hadde hatt suksess med debutalbumet til Foreigner.

Albumet vart spelt inn i studioet til bandet, men dei spelte inn ekstra lydspor i New York City (Media Sound) medan dei turnerte i området.

Weir skreiv tre av songane på albumet, som var meir enn han pleidde. Sologitaristen Jerry Garcia brakte berre med seg to songar til albumet, som han skreiv i lag med den faste låtskrivapartnaren sin, Robert Hunter. Mydland vart òg oppfordra til å skrive songar for albumet. Han skreiv meir poporienterte songar og tok òg med seg ein synthesizer til the Dead, og spelte ein Minimoog-solo på «Alabama Getaway» og ein Prophet-5 på Weir sin funk-aktige «Feel Like a Stranger».

Garcia fekk lydmannen i bandet, Dan Healy, til å setje opp ein svak radiosendar i studio, slik at han kunne køyre rundt i nabolaget og høyre korleis musikken høyrdest ut på ein bilradio.

Utgjeving Sjølv om Go to Heaven gjorde det betre på listene enn dei to førre albuma, selde det likevel skuffande, dels på grunn av plateomslaget. I ei tid då platecoveret kunne påverke salstala skal bandet i følgje ein biografiforfattar ha sett ut som «hippie-versjonar av John Travolta i Saturday Night Fever.» Grateful Dead hadde til no aldri nytta eit bandfoto på framsida.

Det vart gjevne ut to singlar frå albumet: «Alabama Getaway» og «Don't Ease Me In». Begge hadde «Far From Me» som B-side. Den første vart ein liten hit og vart spelt ein del på radio. For å marknadsføre albumet spelte Grateful Dead igjen på Saturday Night Live, der dei framførte «Alabama Getaway» og «Saint of Circumstance».

Go to Heaven kom ut på CD i 1987. I 2004 vart det utvida og ommastra for plateboksen Beyond Description på Rhino Records. Denne utgåva kom ut som eiga plate i 2006.

Då albumet kom ut fekk det generelt middels til negativ kritikk. Det hadde likevel ein meir rockeprega stil enn det førre albumet.

Innhald

Medverkande

Grateful Dead Jerry Garcia – gitar, vokal Mickey Hart – trommer Bill Kreutzmann – trommer Phil Lesh – bassgitar Brent Mydland – klaverinstrument, vokal Bob Weir – gitar, vokal

Teknisk Betty Cantor-Jackson – lydteknikar John Cutler - ekstra lydteknikar Bob Matthews - ekstra lydteknikar Peter Thea - ekstra lydteknikar

Salslister Vekeslister ÅrListePlassering1980Billboard Pop Albums23 Singlar ÅrSingelListePlassering1980«Alabama Getaway»Billboard Singles68

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Go to Heaven» frå , den 5. juni 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Arista Records-album Kategori:Grateful Dead-album Kategori:Rhino Records-album