Gerhard Sperling () er ein tysk tidlegare kappgjengar frå Berlin som representerte Aust-Tyskland. Den dauve utøvaren vann i 1971 EM-sølv på 20 kilometer.

Aktiv Sperling spesialiserte seg på 20 km kappgang og var ein verdas beste i eit tiår fram til Sommar-OL 1972. Etter to fjerdeplassar på distansen i EM 1966 og 1969, femteplass i Sommar-OL 1968, lukkast han endeleg å vinne ein medalje ved europameisterskapen 1971 i Helsinki. I den finske hovudstaden gjekk han inn til sølvmedalje på tida 1.27.29, slått med knappe ni sekundar av Nikolaj Smaga frå Sovjetunionen. Året etter vart Sperling fjerdemann under sommarleikane i München, han siste store tevling.

Sperling vart austtysk meister på 20 km i 1966, 1968, 1969 og 1971.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1964 i Tokyo: Nr 9 – 1.33.15 EM 1966 i Budapest: Nr 4 – 1.31.25 OL 1968 i Mexico-byen: Nr 5 – 1.35.27 EM 1969 i Aten: Nr 4 – 1.32.04 EM 1971 i Helsinki: Sølvmedalje – 1.27.29, bakom Nikolaj Smaga (1.27.20) OL 1972 i München: Nr 4 – 1.27.55

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gerhard Sperling» frå , den 3. juli 2019.

World Athletics

Kategori:Tyske kappgjengarar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972