Xenoblade Chronicles, kjent i Japan som Xenoblade, er eit actionrollespel utvikla av Monolith Soft og utgjeve av Nintendo. Det vart opphavleg utgjeve i Japan i 2010, og seinare i Europa i 2011 og i Nord-Amerika i 2012. Ei utgåve av spelet vart utgjeve til New Nintendo 3DS i 2015. Ein remake til Nintendo Switch kom ut i mai 2020 under tittelen Xenoblade Chronicles: Definitive Edition.
Xenoblade Chronicles lèt spelaren navigere gjennom ei open verd delt inn i soner, har sideoppdrag knytt til forholda mellom gruppemedlemmer og eit actionbasert kampsystem i sanntid som innlemmar evna til hovudpersonen til å sjå glimt av framtida. Spelt vart etterfølgt av Xenoblade Chronicles X til Wii U i 2015 og Xenoblade Chronicles 2 til Nintendo Switch i 2017.
Kjelder
Kategori:Action-rollespel Kategori:Dataspel frå 2010 Kategori:New Nintendo 3DS-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Wii-spel