Le Corbusier () er kunstnarnamnet til den sveitsiske arkitekten og formgjevaren Charles-Edouard Jeanneret, ein av dei sentrale skikkelsane innan modernismen. Han hadde evne til å arbeida på alle nivå, frå formgjeving av møbel til byplanlegging.

Charles-Edouard Jeanneret blei fødd i La Chaux-de-Fonds i Sveits. Han lærte først å bli gravør av klokkar som faren, men studerte seinare arkitektur. Jeanneret reiste mykje rundt i Europa, der han mellom anna fekk auga opp for armert betong som byggemateriale. I 1917 flytta han til Paris og tok kunstnarnamnet Le Corbusier.

mini|left|SN-bygget teikna av Le Corbusier.

Best kjende verk 1912: Villa Jeanneret i Paris 1928: Villa Savoy i Poissy-sur-Seine utanfor Paris 1923: Villa LaRoche i Paris 1924: Pavillon de l'Esprit Nouveau i Paris (øydelagd) 1947–1952 : Bustadblokka Unité d'Habitation i Marseille 1949–1952: SN-hovudkvarteret i New York 1952–1959: Planlegging og bygg i Punjab-hovudstaden Chandigarh

Bakgrunnsstoff

Kategori:Modernistiske arkitektar Kategori:Sveitsiske arkitektar Kategori:Franske arkitektar