mini|Flyfoto av Dinkelsbühl
Dinkelsbühl er ein by i Landkreis Ansbach i delstaten Bayern i Tyskland med ikring 11 800 ibuarar. Byen ligg i landskapet Franken ved elva Wörnitz, 442 meter over havet.
Dinkelsbühl er særleg kjend for den godt bevarte gamlebyen frå sein-mellomalderen, eit ynda turistmål. Byen er ein av tre tyske byar, Nördlingen og Rothenburg ob der Tauber dei andre, der heile bymuren står att.
Fotballspelaren Stefan Reuter er frå Dinkelsbühl.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dinkelsbühl» frå , den 18. august 2019. Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Bayern