Storsteinnes kapell er ei langkyrkje frå 1968 på Storsteinnes i Balsfjord kommune. Kyrkja er i tre og har 200 sitjeplassar. Ho vart vigsla av biskop Monrad Norderval 5. mai 1968.
Arbeidet med å byggje kyrkje på Storsteinnes byrja opprettinga av ei kapellforeining i 1965, og allereie to år seinare, i 1967, vart teikningane til bygget godkjende. Kapellet vart teikna av Forsvarets distriktsingeniør for Nord-Norge, som òg teikna Heggelia kapell i Målselv på same tid. Dette gjer at dei to bygga er bortimot identiske.
Altar, altarring, preikestol og døypefont vart laga av folk på yrkesskulen i Tromsø. Vigslinga fann stad om lag tre år etter at kapellforeininga vart stifta. Biskop Nordenval, som vigsla kapellet, sa i sin tale at det måtte «ha skjedd et under at det har gått så fort med å reise dette kapellet.»Kirkene i Troms, s. 203
I 1998 fekk kapellet altartavle og blyglasvindauge laga av Ulf Dreyer.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Storsteinnes kapell» frå , den 1. september 2019.
Ronny Trælvik og Lill-Karin Elvestad: Kirkene i Troms, bind II, Bok i Nord, Finnsnes, 2016. s. 200–205
Bakgrunnsstoff
Balsfjord og Malangen kyrkjelyd Kyrkjer i Balsfjord kommune
Fotnotar
Kategori:Kyrkjer i Balsfjord Kategori:Kyrkjer i Indre Troms prosti Kategori:Kulturminne i Balsfjord Kategori:Norske kyrkjer frå 1968 Kategori:1968 i Noreg