Målselv kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1978 i Målselv kommune i Troms . Kyrkja er bygd i betong og tegl og har 360 sitjeplassar. Arkitekt var Harry Gangvik.
Målselv kyrkje ligg på Storbakken og er den tredje kyrkja på omtrent same plassen. Den første kyrkja vart bygd i 1829, etter at kolonistane i Målselvdalen hadde fått lov til å reise ei kyrkje ved kongeleg resolusjon av 11. januar 1820. Dette var ei åttekanta kyrkje som stod litt nord for dagens kyrkje. Denne kyrkja vart i 1883 erstattea med ei stor, kvitmåla kyrkje som stod om lag der dagens kyrkje står. Denne kyrkja hadde heile 800 sitjeplassar, men brann ned etter eit lynnedslag 29. juni 1972.
Seks år seinare, i 1978, vart dagens kyrkje vigsla av biskop Kristen Kyrre Bremer. Kyrkja fekk ny altartavle i 1996. Tavla er laga av Ulf Dreyer, som òg har laga glasmåleria i kyrkja.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Målselv kyrkje» frå , den 1. september 2019.
Bakgrunnsstoff
Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
Ronny Trælvik og Lill-Karin Nyland, Kirkene i Troms, bind I. Bok i Nord, 2015. s. 232–239 Målselv og Øverbygd kyrkjelydar
Kategori:Kyrkjer i Indre Troms prosti Kategori:Kyrkjer i Målselv Kategori:Kulturminne i Målselv Kategori:Norske kyrkjer frå 1978