Khrysopigi Devetzi () er ein gresk tidlegare lengde- og tresteghoppar frå Alexandroúpoli. Ho vann sølvmedaljen i tresteghopp i OL 2004 og EM 2006. I 2007 og 2008 tok han bronsen i same øvinga ved høvesvis VM i Osaka og sommarleikane i Beijing, begge desse prestasjonane vart annullerte i 2016.
Aktiv Devetzi gjorde store framsteg i tresteghopp i 2002 og -03-sesongane. Den 4. mars 2003 sette ho gresk rekord i øvinga med eit hopp på 14,84 m i Peanía. Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 forbetra ho i kvalifiseringa den greske rekorden til 15,32 meter, einast tre andre kvinnelege tresteghopparar har hoppa lengre i øvinga. I finalen landa ho på 15,25 m i sitt bestehopp, noko som gav henne sølvmedaljen, 5 cm bakom Françoise Mbango Etone frå Kamerun.
I VM 2005 enda Devetzi på femteplass i tresteghopp. Den 10. juni 2006 gjorde ho personbeste i lengdehopp med 6,83 meter ved eit stemne i Tríkala. Seinare i sesongen tok ho leiinga i EM-finalen i tresteg med eit årsbestehopp som målte 15,05 m. Leia gjorde ho til den sjette og siste omgangen. Tatjana Lebedeva frå Russland nådde 15,10 m i sitt siste hopp og snappa gullmedaljen frå Devetzi.
Både i Osaka-VM 2007 og Berlin-OL 2008 vart Devetzi tildelt bronsemedaljen i tresteghopp, to medalje-plasseringar som begge vart underkjende i 2016. mini|venstre|Devetzi, til høgre, på sigerspallen under VM 2007, med ein medalje ho vart frådømd i 2016 Doping I mai 2009 nekta Devetzi å stille til dopingkontroll. Ho vart då utestengd frå friidretten i to år og la opp. År 2016 viste nye testar av Devetzi sine dopingprøver frå august 2007 spor etter stanozolol. Alle hennar prestasjonar frå Friidretts-VM 2007 og til ho la opp vart då annullert. Dermed mista ho bronsemedaljane frå VM 2007 og OL 2008.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2002 i München: Nr 7 i tresteg – 14,15 m VM 2003 i Paris: Nr 8 i tresteg – 14,34 m OL 2004 i Aten: Sølv i tresteg – 15,25 m VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 14,64 m EM 2006 i Göteborg: Sølv i tresteg – 15,05 m. Nr 10 i lengde – 6,41 m VM 2007 i Osaka: Annullert bronse i tresteg (15,04 m) OL 2008 i Beijing: Annullert bronse i tresteg (15,23 m). Annullert 14. plass i lengde (6,57 m)
Referansar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chrysopigi Devetzi» frå , den 20. september 2019.
World Athletics
Kategori:Greske tresteghopparar Kategori:Greske lengdehopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Hellas Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Dopingsaker i friidrett