Martin Andersen Nexø () var ein dansk forfattar.
Som sjuåring flytta han med familien til Bornholm. Barndomsheimen i Nexø er i dag eit museum. Han la namnet Nexø til etternamnet.
venstre|mini|portrett|Martin Andersen Nexø
Martin Andersen Nexø var i levetida si kanskje meir anerkjent utanfor Danmarks grenser, i det bøkene hans om fattige og undertrykte menneske vart mykje lesne i Tyskland og Sovjetunionen.
Han var ikkje berre forfattar, han deltok aktivt i politikk, først som sosialdemokrat og frå 1918 som kommunist. Seint i livet flytta han til Dresden, der han vart utnemnd til æresborgar. Han mottok òg Stalins fredspris.
Blant hovudverka er Pelle Erobreren (1906–10) og Ditte Menneskebarn 1917-21. Begge desse romanane er filmatisert. Han er òg kjend for sjølvbiografien sin i fire band:
Et lille Kræ Under aaben Himmel For Lud og koldt Vand Vejs Ende
Prisar og utmerkingar (utval)
1911 – Otto Benzons Forfattarlegat
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Martin Andersen Nexø» frå , den 22. september 2019.
Bakgrunnsstoff
Leksikon for det 21. århundrede
Kategori:Folk frå København Kategori:Danske forfattarar Kategori:Sider utan gjennomgåtte omsetjingar