«Join Together» er ein song av det britiske rockebandet The Who som først vart gjeven ut på singel i mai 1972. Songen har sidan blitt framført på konsertane deira fleire gonger og kome ut på mange samlealbum.
«Join Together» vart opphavleg skriven for det skrinlagde Lifehouse-prosjektet.
Bakgrunn «Join Together» hadde arbeidstittelen «Join Together With the Band», og var opphavleg meint som ein del av Lifehouse-albumet, før dette vart skrinlagd. «Join Together» var òg påtenkt albumet Rock Is Dead—Long Live Rock!, som heller aldri vart noko av.
Songen vart spelt inn same dagen som «Relay» og ein demo av «Long Live Rock» i mai 1972. Songaren Roger Daltrey hugsa songen med glede, men òg at han var skeptisk til bruken av synthesizer på songen.
Med tittelen «Join Together» vart songen gjeven ut på singel i 1972 med eit konsertopptak av Marvin Gaye sin «Baby Don't You Do It» som B-side, spelt inn i San Francisco's Civic Auditorium den 13. desember 1971. Singelen vart ein suksess og nådde niandeplassen på den britiske singellista og 17. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Singelen var den andre av tre songar frå Lifehouse som ikkje kom ut på studioalbum. Dei to andre var «Let's See Action» og «Relay».
Songen har sidan kome ut på mange samlealbum, som The Singles, The Who: The Ultimate Collection, 20th Century Masters: The Millennium Collection: The Best of The Who og The Who Hits 50!.
Medverkande Roger Daltrey – solovokal, munnspel Pete Townshend – gitar, synthesizer, munnharpe, korvokal John Entwistle – bass, korvokal Keith Moon – trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Join Together (song)» frå , den 28. september 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Who-songar Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Track Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Songar produserte av Glyn Johns Kategori:MCA Records-singlar Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Songar om musikk