Songsporv (Melospiza melodia) er ein mellomstor medlem av amerikasporvfamilien med utbreiing frå sørlegaste Alaska med Aleutane sørover til nordlegaste Mexico. Her er han av dei mest talrike fugleartane og med stor tilpassingsevne.
Skildring Songsporvar kan ha storleik varierande frå 12 til 17 centimeter. Dette er ein sporv med korte og avrunda venger, lang hale og spinkelt nebb. Fjørdrakta er prega av mørkt strekmønster over brunt på oversida og grått på undersidea. Han har ei smal, lys issestripe omkrinsa av mørk brune kronestriper. Ei mørk mustasjestripe ned mot sidene av brystet er markant.
Leveområdet er i opent eller halvopent område med noko vegetasjon, gjerne nær straumande vatn. Her beitar han på bakken eller nært bakken. Samansetting av føda er mest vegetabilsk i nordvest, lengre sør i meir grad leddyr.
Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.
Spontant i Noreg Det finst ein godkjent observasjon av arten i Noreg, frå Hvaler i Østfold, mai 1975. Songsporvar har dukka opp fåtalig i Storbritannia, Belgia og Nederland.
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:amerikasporvfamilien kategori:amerikanske sporvefuglar i Noreg