The Star var ei dagsavis som kom ut om kvelden i London frå 3. mai 1788, opphavleg under tittelen The Star and Evening Advertiser. Avisa var den første daglege kveldsavisa i verda.British Library: Concise History of the British Newspaper in the Eighteenth Century.
Avisa blei gjeven ut av Peter Stuart med støtte frå forleggjaren William Lane frå Minerva Press. Andrew Macdonald var redaktør. Avisa kom ut klokka 3 kvar ettermiddag, og blei levert ved hjelp av det nye effektive postvesenet.
The Star blei ein leiande støttespelar for whigpartiet. Stuart forlét avisa i februar 1789 etter usemje Lane, som ville at han skulle støtta William Pitt i alt.
Avisa kom ut fram til 1831, då ho blei teken opp i The Albion.
Kjelder
Kategori:Aviser på 1700-talet Kategori:Aviser frå London Kategori:Skipingar i 1788 Kategori:Nedleggingar i 1831 Kategori:Tidlegare britiske aviser Kategori:Aviser nedlagde i 1830-åra