Team America: World Police er ein amerikansk komedie frå 2004, produsert av Trey Parker, Matt Stone og Scott Rudin, dei to første kjende som skaparane av den animerte fjernsynsserien South Park. Filmen er ein satire på actionfilmar og tilhøyrande klisjear og stereotypar. Filmtittelen er avleidd frå nasjonal og internasjonal kritikk mot utanrikspolitikken til USA.
I staden for verkelege skodespelarar bruker filmen marionettar, med Parker, Stone, Kristen Miller, Masasa Moyo, Daran Norris, Phil Hendrie, Maurice LaMarche, Chelsea Marguerite, Jeremy Shada og Fred Tatasciore som stemmeskodespelarar.
Filmen premierte under Denver Film Festival den 14. oktober 2004, og vart utgjeven på kinoar i USA dagen etter av Paramount Pictures. Han fekk hovudsakleg positive omtalar og spelte inn over 51 millionar dollar mot eit budsjett på 32 millionar dollar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Actionkomediar Kategori:Filmar frå 2004 Kategori:Filmar frå USA