mini|Amerikansk propagandaplakat frå andre verdskrigen som åtvarar folk mot uforsiktig prat viser farane ved skipsfarten under krigen.

Norwegian Shipping and Trade Mission (Nortraship) var ein organisasjon som under andre verdskrigen administrerte den store norske handelsflåten utanfor tyskkontrollerte område. Nortraship vart danna i april 1940 etter at den norske regjeringa hadde rekvirert heile den norske handelsflåten som var utafor tyskkontrollert område.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 130–133 Nortraship-flåten bestod av om lag 1 000 skip;Nortraship - Profitt og patriotisme, side 5 det var det største reiarlaget i verda og bidrog avgjerande til den allierte innsatsen under andre verdskrigen.«Den norske handelsflåtens innsats i krigens første år var mer verdt enn ein million soldater.», uttalelse i eit britisk maritimt tidsskrift, senere gjentatt av blant annet Sir Philip Noel Baker og den amerikanske admiralen Emory Land, frå Nortraship, Profitt og patriotisme, omslagsside. Nortraship vart derimot òg kritisert av britane for å vere for fokusert på profitt og for å bidra for lite på den allierte sida.Nortraship - Alliert og konkurrent, side 31 Frå norsk side vart desse skuldingane møtt med motskuldingar; britane tildekka sine kommersielle interesser med krigsbehov.Nortraship - Alliert og konkurrent, side 348

Nortraship hadde sine hovudkontor i London og New York, og var aktiv under og etter andre verdskrigen. Nortraship spelte ei avgjerande rolle for Noreg og den norske eksilregjeringa som mangla andre midlar for å støtte den allierte kampen mot aksemaktene. Dei rekvirerte skipa vart levert attende etter at Noreg vart frigjort i mai 1945. Av dei 30 000 sjøfolka i Nortraship omkom rundt 3 000.«Av dei over 10 000 norske kvinner og menn som omkom under 2. verdskrigen, tilhørte 3700 handelsflåten, 83% av disse under tjeneste i utenriksfart, 17% i innenriksfart.», side 12, Sjømann, lang vakt. Om lag 500 av skipa til Nortraship gjekk tapt,Nortraship - Alliert og konkurrent, side 248 totalt 1,9 millionar bruttoregistertonn i tonnasje.

Då krigen var over var dei totale disponible midlane til Nortraship om lag 4,5 milliardar norske kroner (1945 verdi),Nortraship - Alliert og konkurrent, side 327 til samanlikning var staten sine samla utgifter for 1945-1946 vel 2 milliardar kroner. Dei ulike forsikringsoppgjera etter tilbakeleveringa av skip var komplisert og tok lang tid; den endeleg rapporten for oppgjeret vart ikkje lagt fram for Stortinget før i 1964.Nortraship - Alliert og konkurrent, side 332 Det endelege overskotet etter oppgjeret med reiarane var på 818 millionar kroner,Nortraship - Alliert og konkurrent, side 329 pengane tilfall statskassen og vart brukt til å dekke underskotet etter eksilregjeringa si tid i London, den såkalla London-rekneskapen.Nortraship - Alliert og konkurrent, side 331 I fleire år etter krigen var det sterk strid om Nortraships Sjømannsfond, kjend som det hemmelege fondet til Nortraship, og saka vart ikkje løyst før i 1972.

Under den kalde krigen vart namnet Nortraship brukt som omgrep på ein beredskapsorganisasjon for handelsflåten av regjeringa,Nortraship - Alliert og konkurrent, side 351 og etter terroråtaket 11. september 2001 har namnet igjen blitt teken i bruk.«I forbindelse med den omfattende omleggingen av skipsfartens beredskapsorganisjon i 2001 vart det frå og med 2002 opprettet eit nytt øverste organ, som fekk betegnelsen Skipsfartsledelsen. Navnet er nå endret til NORTRASHIP-ledelsen. Dette er eit navn som har tradisjoner tilbake til NORTRASHIP-historien under 2. verdskrigen, men navnet er nå gitt eit nytt innhold som betegnelse på den norske beredskapsorganisasjonen for skip. NORTRASHIP-ledelsen har i alt syv medlemmer hvorav seks som representerer ulike deler av det maritime miljø, og ett frå Forsvarsdepartementet.», frå «NOPEFAktuelt», 6. november 2003</onlyinclude>

Den norske handelsflåten før andre verdskrigen

mini|Fartøy torpedert av tysk ubåt under første verdskrigen i ferd med å søkkje. I åra etter første verdskrigen bygde den norske handelsflåten seg opp etter krigstapa og ekspanderte inn i nye område, mest med tankskip, men òg med linjeskip i linjefart med stykkgods. Særskild åra etter 1930 var prega av sterk vekst, dette i motsetnad til andre skipsfartsnasjonar.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 24 Ved utgangen av 1938 var om lag 7 % av verdstonnasjen norsk, og Noreg var den fjerde største skipsfartsnasjonen etter Storbritannia, USA og Japan.

Den norske ekspansjonen var basert på nybyggjing, noko som senka gjennomsnittsalderen på norske skip. Flesteparten av dei nye norske skipa var driven av dieselmotorar, og slik tonnasje omfatta kring 62 % av flåten, mot 27 % i Japan og 25 % i Storbritannia.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 26 Rundt 42 % av flåten var moderne tankskip, og dei utgjorde 18 % av den totale tanktonnasjen i verda. Norske skipsreiarar var oppfinnsame og risikovillige, noko dei viste ved å kontrahere nye skip under den store depresjonen i 1930-åra.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 27

Dei ulike tenestene nødvendige for å drive skip vart òg utvida, som klasseselskapet Det Norske Veritas (DNV), men òg skipsmeklarar, forsikringsselskap og bankar som tilbaud ulike typar finansiering. Det offentlege spelte òg ei viktig rolle ved å vedta og oppdatere lover og forskrifter, og ved å etablere og drive skular for maskinistar og navigatørar.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 39

Skipsfarten var såleis ei viktig næring for Noreg, og flåten var langt større enn naudsynt for import og eksport i landet. Flesteparten av skipa gjekk mellom andre land og var aldri innom norske hamner, men gav arbeidsplassar til norske sjøfolk, inntening for reiarlaga og valutainntekter for Noreg.

«The Phony War» eller «Liksomkrigen»

mini|Liksomkrigen var kjent som «the Phony War» på engelsk, medan tyskarane kalla det «sitzkrige» (sittekrigen). For soldatane var det mykje venting og lite handling, for norske sjøfolk var det annleis

Då Noreg vart invadert av Tyskland 9. april 1940 hadde handelsflåten alt vore i krig i sju månader, i perioden som britane kalla The Phony War. Noreg var nøytralt i konflikten mellom dei krigførande partane, men mista 58 skip på totalt 127 000 bruttoregistertonn og om lag 400 sjøfolk omkom.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 41 I løpet av desse månadene kom mykje av avtaleverket som Nortraship seinare skulle operere under på plass. Erfaringene med den norske handelsflåten under første verdskrigen danna bakgrunnen for korleis dei norske reiarane og regjeringa forheldt seg til dei krigførande partane.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 42-44

Den viktigaste avtalen var den norsk-britiske tonnasjeavtalen. Omtalt som «Scheme-avtalen» spesifiserte han at om lag 40 % av den norske flåten, inkludert 150 tankskip, rundt 60 % av tanktonnasjen, skulle chartrast ut til britane.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 58-60 Som motyting skulle Noreg ta i mot viktige råvarer. Denne avtalen løyste problemet til britane med tilgang til den norske handelsflåten, spesielt tankskipa som dei rekna som «eksepsjonelt viktige».Udatert notat, sannsynligvis september 1939, Ministry of War Transport, 59/1405, Public Record Office, London, Storbritannia (Handelsflåten i Krig, bind 1, side 48) For å verne den norske nøytraliteten vart avtalen forhandla mellom den britiske regjeringa og Norges Rederforbund, den norske staten var formelt sett ikkje part i forhandlingane.

Desse forhandlingane viste to sider ved den norske handelsflåten; han hadde ei stor verdi, men var òg viktig for begge dei krigførande sidene. For å verne om norsk nøytralitet, men samstundes vedlikehalde dei nære handelssambanda med Storbritannia måtte ein gå forsiktig fram. Den politiske linja til Noreg under første verdskrigen hadde blitt kalla «den tause allierte» og den norske regjeringa ønsket å fortsette denne linja i den pågåande krigen.

Årsaka til at den norske handelsflåten var så viktig for dei allierte var den relative tilbakegangen for den britiske handelsflåten, optimistisk tonnasjeplanlegging før krigen og nøytralitetslovene til USA som forbaud amerikanske skip å sigle på krigssonene. Den einaste andre nasjonen med ein tilsvarande handelsflåte var Nederland, men dei avviste på det sterkaste ynskje til britane om ein tonnasjeavtale, av frykt for tyske represaliar.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 90

Den norske regjeringa etablerte òg planar for å varsle skip over kortbølgjeradio i tilfelle krig braut ut.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 47 For å redusere risikoen for torpedering valde dei fleste norske skipa å følgje britiske konvoiar.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 69-73 Den ekstra tryggleiken dette gav var ikkje utan problem, då Noreg som eit nøytralt land var nær ved å ta side for ein av dei krigførande partane. Deltakinga i konvoisystemet viste at Noreg var avhengig av Storbritannia, som òg var tilfellet under første verdskrigen.

Invasjonen av Noreg – Nortraship vert skipa

mini|Den tyske invasjonen av Noreg gav store utfordringar for den norske handelsflåten. Med den tyske invasjonen av Noreg den 9. april 1940 vart spørsmålet om kontroll over den norske handelsflåten kritisk; både tyske, norske og britiske styresmakter var aktive i spelet.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 101–103 Om lag 15 % av den totale flåten (den såkalla heimeflåten) fann seg innafor tyskkontrollert farvatn, og var tapt for dei allierte. Kampen stod om dei resterande 85 % som var spreidde over heile verda.

Britene vurderte straks å konfiskere heile den norske handelsflåten, som dei gjorde med den danske flåten,Nortraship - Profitt og patriotisme, side 104–107 men dette vart stoppa av at Noreg fortsette å kjempe, og av motstand frå den norske ambassadøren i London. Gjennom radiosendingar prøvde tyskarane og dei norske medløparane deira å beordre norske skip til å sigle til tyskkontrollerte hamner, men dette vart ignorert av norske skipsførarar og mannskap.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 108–113

For å møte det tyske presset underteikna det britiske skipsfartsministeriet 12. april ein avtale med Noreg ved ambassadør Erik Colban og dei faste representantane til Noregs Rederforbund, skipsreiar Ingolf Hysing Olsen som midlertidig løyste dei presserande forsikringsproblema som oppstod ved invasjonen. Avtalen gjekk ut på at alle norske skip var forsikra av britane dersom dei sigla til allierte hamner.Nortraship - Profitt og patriotisme, side 114–119 Dette vart sendt ut over radio av det britiske admiralitetet.Meldingen vart sendt ut hver annen time i 24 timer frå eit antall britisk kontrollerte radiostasjoner verden rundt, Admiralty 199/495, Public Record Office, London, United Kingdom (Handelsflåten i krig, bind 1, side 118

Det neste spørsmålet var korleis flåten skulle administrerast. Den norske ambassadøren Erik Colban var under sterkt press frå britane og norske skipsreiarar i London engasjerte seg i saka. Britene meinte dei burde ta over ansvaret for handelsflåten, mens norske shippingfolk i London meinte Noreg sjølv burde drive flåten. Avgjersla låg hos den norske regjeringa, men det var vanskeleg å få kontakt med denne sidan regjering og kongehus var på flukt frå tyske troppar.