DS «Arcturus» (kallesignal MGJF - LCHH) var eit dampskip bygt i 1910 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).
Historie Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta 283 507 kr då det vart levert i desember 1910. Skipet gjekk i rute Trondheim-Vestlandet-London.
Kl 0945 den 1. desember 1939 vart skipet torpedert og senka av den tyske ubåten «U 31» med kapteinløytnant Johannes Habekost. Skipet var då på veg frå London til Stavanger med kol. Torpedoen trefte akter på babord side og skipet byrja å søkkje med ein gong. To av livbåtane vart øydelagde, men to flåtar kom klar, medan skipet sokk på to minutt. Ni av mannskapet klarte ikkje å nå flåtane og omkom. Åtte andre kom seg på dei to flåtane og batt dei saman. Morgonen etter vart dei oppdaga av eit britisk fly, som sende eit dansk fartøy (D/S «Ivar») til posisjonen deira og berga dei til Fredrikshavn i Danmark.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 277 bruttoregistertonn og 757 nettoregistertonn og lasteevna var 1 850 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 323 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av BMV. Oppgjeven yting var 630 iHk (indikerte hestekrefter) og 145 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 13 knop.
I 1930 vart det sett inn straumlinjeror. I 1932 vart mastene avkutta for å setje inn manchesterbru og i 1933 fekk båten radio. Ein ny radio og eit peileapparat vart sett inn i 1938.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:Skip frå 1910 Kategori:Krigsforlis i 1939 Kategori:Forlis i Nordsjøen Kategori:Skip søkkte av tyske ubåtar i andre verdskrigen