Taare-Offer er ei salmesamling skriven av Dorothe Engelbretsdotter. Verket kom ut i 1685, og var det andre og siste store verket hennar, etter Siælens Sang-Offer. Verket blei skrive i sørgeåret hennar etter at mannen, Ambrosius Hardenbeck, døydde i 1683.
Dikta har motiv frå Lukas-evangeliet, kapittel 7,36-50 («Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne»), Det byggjer på prosaverket Thränen- und Trostquelle av den tyske teologen Heinrich Müller, og er ein parafrase eller ei fri og sjølvstendig attdikting av denne boka gjennom Peder Møller si danske omsetjing Taare – og Trøste-Kilde (1677). Boka «er prega av ein inderleg botsvilje og Jesus-kjærleik.»
Bortsett frå ei utgåve frå 1686 og nokre mykje seinare utgåver er Taare-Offer som regel blitt trykt saman med Siælens Sang-Offer.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Taare-Offer ved bokselskap.no
Kategori:Salmar frå 1600-talet Kategori:Bøker frå 1600-talet Kategori:Dorothe Engelbretsdotter