Ed, Edd n Eddy (norsk tittel: Ed, Edd og Eddy) er ein kanadisk-amerikansk animert komiserie skapt av Danny Antonucci for Cartoon Network. Serien er den sjette i Cartoon Cartoons-serien til kanalen og handlar om dei tre gutane Ed, Edd (kalla «Double D» for å unngå blanding med Ed) og Eddy, som bur i ein cul-de-sac i ein forstad til den fiktive byen Peach Creek. Trioen kjem stadig opp med påfunn for å tene pengar frå jamaldringar til å kunne kjøpe yndlingsgodteriet sitt, jawbreakers. Planane deira slår vanlegvis feil, som gjer at dei endar opp i ulike, ofte pinlege, kniper.
Teiknefilmskaparen Antonucci kom på Ed, Edd n Eddy medan han designa ein reklamefilm. Han la fram ideen om serien til Cartoon Network og Nickelodeon, men sistnemnde kravde kunstnarisk kontroll. Dette gjorde at han signerte avtale med Cartoon Network og serien hadde premiere 4. januar 1999. I løpet av sendeperioden vart fleire spesialepisodar og kortfilmar produserte i tillegg til vanlege episodar. Serien avslutta med ein fjernsynsfilm, Ed, Edd n Eddy's Big Picture Show, som vart promotert som «the final episode ever» og send 8. november 2009.
Ed, Edd n Eddy fekk hovudsakleg positive omtalar frå kritikarar og vart ein av dei mest vellukka originale programma frå Cartoon Network. Serien vann ein Reuben Award og to Leo Awards, og var nominert til fire andre Leo Awards, ein Annie Award og to Kids' Choice Awards. Han tiltrekte eit publikum på 31 millionar husstandar, var send i 120 land og viste seg å vere populær hjå barn, tenåringar og vaksne. Ed, Edd n Eddy er den hittil lengstvarande originale serien frå Cartoon Network, med ein sendeperiode på nesten elleve år.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Cartoon Network Kategori:Fjernsynsseriar frå 1990-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra Kategori:Kanadiske fjernsynsseriar Kategori:USA-amerikanske fjernsynsseriar