Flåklypa Grand Prix er eit eventyrspel utvikla av Capricornus og utgjeve av CVG Distribusjon AS. Det vart opphavleg utgjeve i Noreg den 1. desember 2000 til Microsoft Windows. Spelet er ei samling av ulike småspel som er fordelte på ei rekkje scener og sekvensar basert på handlinga i langfilmen Flåklypa Grand Prix frå 1975.
Den originale utgjevinga av Flåklypa Grand Prix-spelet i 2000 var vellukka og det selte ut det første opplaget på 50 000 kopiar i løpet av 14 dagar. Året etter vart spelet utgjeve på nytt i form av ei «jubileumsutgåve» som tilførte nye småspel og sekvensar. I 2002 vann spelet ein EMMA-pris (Electronic Multimedia Awards) i kategorien «Entertainment – Kids» og fekk annanplass i kategorien animasjon. Spelet vart utgjeve nok ein gong i 2002, denne gongen som ei «gullutgåve» med medfølgjande 3D-briller, som kunne brukast til nye akvitivetar og sekvensar med 3D-effektar. Flåklypa Grand Prix er tidenes mestseljande spel i Noreg, med 380 000 selde kopiar.
Ei utgåve av spelet til Nintendo DS vart utgjeven i 2010. Ei modernisert utgåve av spelet vart utgjeven til Nintendo Switch og Windows via Steam i november 2021.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dataspel frå 2000 Kategori:Eventyrspel Kategori:Windows-spel Kategori:Norske dataspel