Scheherazade and Other Stories er det sjette studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut i 1975.
Andresida av albumet bestod av det episke tonediktet «Song of Scheherazade», basert på soger frå Tusen og ei natt. Albumet nådde 48. plassen i USA.Whitburn, Joel (1996). Joel Whitburn's Top Pop Albums, 1955–1996 Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. p. 649.
Somme kritikarar reknar det som det beste albumet deira, medan andre føretrekkjer tidlegare album.Notat i plateomslaget Tales of 1001 Nights Dette er det første albumet av Renaissance, etter Annie Haslam kom med, som ikkje brukar faktiske klassiske stykke og den første utan låtar frå nokre av dei opphavlege medlemmane i bandet. «Song of Scheherazade» er ikkje basert på Nikolaj Rimskij-Korsakov sin Scheherazade, men har eit seks notar langt motiv som går att og kan minne om dette verket.
Historie «Song of Scheherazade» tar opp heile side B av LP-plata og varer over 24 minuttar. Stykket er delt inn i fleire seksjonar med eigne namn, men det er noko forvirring om kvar dei forskjellige seksjonane av verket byrjar og sluttar. Dette kjem av at «Fanfare» og «The Betrayal» i lag høyrest ut som ein enkel seksjon, medan «Festival Preparations» har to ulike partar. Denne forvirringa går òg att på plateomslaga til dei forskjellige utgjevingane av albumet og på somme samlealbum, der «Festival Preparations» (part 1) feilaktig vart kalla «The Young Prince and Princess» på samlealbumet Tales of 1001 Nights, Volume I i 1990.
«Trip to the Fair» handla om det første stevnemøte til Annie Haslam med Roy Wood.Liner notes from the Da Capo samlealbum
«Ocean Gypsy» har sidan blitt spelt inn av Blackmore's Night.
Innhald
Medverkande Renaissance Annie Haslam – solovokal (utanom på spor 4c) og korvokal Michael Dunford – akustisk gitarar, korvokal John Tout – klaverinstrument, korvokal Jon Camp – bass, bass pedals, solovokal på spor 4c, korvokal Terence Sullivan – trommer, korvokal, perkusjon
Andre medverkande Tony Cox – orkesterarrangement
Produksjon David Hitchcock - produsent John Kurlander - lydteknikar Patrick Stapley - assisterande lydteknikar Hipgnosis - design W.T. (Terry) Penman - klaverinstrument/scenemanager
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Scheherazade and Other Stories» frå , den 8. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Renaissance-album Kategori:Album produserte av Dave Hitchcock Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Sire Records-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Musikk basert på Tusen og ei natt