Camera Camera er det tiande studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1981.

Etter å ha mista to av fem medlemmar og blitt droppa av plateselskapet sitt, signerte Renaissance for Miles Copeland sitt I.R.S. Records. Dei tapte medlemmane vart erstatta av klaverspelaren og songaren Peter Gosling og trommeslagaren Peter Barron. Mellom det førre Renaissance-albumet og Camera Camera, hadde Annie Haslam og Michael Dunford arbeidd med Gosling som ein trio kalla Nevada, gjeve ut to singlar og spelt inn fleire demoar. Den noko meir new wave-prega stilen til Nevada påverka sterkt Camera Camera. Ein av songane på Camera Camera, «Faeries», var spelt inn tidlegare (men ikkje gjeven ut) av Nevada.Liner notes from the Nevada samlealbum Pictures in the Fire, released in 2000

Den originale, britiske utgåva av Camera Camera frå 1981, inkluderte ikkje singelen «Bonjour Swansong», men denne songen er med på alle utgjevingar av albumet sidan 1982.Renaissance Diskografi

Dette var det siste Renaissance-albumet med tekstar av diktaren Betty Thatcher. Ho skreiv teksten til «Bonjour Swansong» som «eit privat farvel til gruppa.»Liner notes from the CD reissue of Camera Camera

Innhald

Medverkande Renaissance Annie Haslam - solo- og korvokal Michael Dunford - gitarar, korvokal Peter Gosling - klaverinstrument, korvokal Jon Camp - bass, korvokal, gitarar Peter Barron - trommer, korvokal, perkusjon

Produksjon John Acock - lydteknikar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Camera Camera (album)» frå , den 9. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Renaissance-album Kategori:I.R.S. Records-album Kategori:Illegal Records-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Repertoire Records-album