Grandine il vento er det 13. studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, først gjeve ut i 2013 og så gjeve ut på ny som Symphony of Light i 2014. Det vart finansiert gjennom ein Kickstarter-kampanje.

Bakgrunn Etter bandet vart oppløyst i 2002 kom bandet saman att og heldt konsertar i 2009. I november 2012 døydde gitaristen og komponisten i bandet, Michael Dunford av hjerneblødning. Ein månad seinare sa vokalisten Annie Haslam at bandet kom til å halde fram. I 2013 vart det annonsert at den nye gitaristen i bandet var Ryche Chlanda. I april 2013 kom albumet først ut på Internett, og så på CD. Det vart dedisert til Michael Dunford. Plateomslaget består av eit måleri av Annie Haslam.

To gjestartistar speler på albumet: John Wetton (som òg hadde spelt med Renaissance i 1971) og Ian Anderson (frå Jethro Tull). Det japanske bonussporet «Carpet of the Sun», vart spelt inn under NEARfest Apocalypse i juni 2012.

Albumet kom ut på ny 15. april 2014 på Red River Entertainment som Symphony of Light med tre ekstra spor.

Innhald Alle songar av Michael Dunford og Annie Haslam, utanom «Carpet of the Sun» av Dunford/Betty Thatcher-Newsinger

Symphony of Light

Medverkande Renaissance Annie Haslam - solo- og korvokal, medprodusent Michael Dunford - akustisk gitarar, korvokal, arrangement Rave Tesar - piano, klaverinstrument, arrangement Jason Hart - klaverinstrument, trekkspel, korvokal, arrangement David J. Keyes - bass, kontrabass, solo- og korvokal Frank Pagano - trommer, perkusjon, korvokal

Andre medverkande Ian Anderson - fløyte på spor 5 John Wetton - vokal på spor 7 Tom Brislin - ekstra klaverinstrument på spor 8 Andy Spiller - arrangement på spor 8

Produksjon Rave Tesar - produsent, lydteknikar, miksing og mastering Kevin Culligan - leiande produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grandine il vento» frå , den 9. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2013 Kategori:Renaissance-album Kategori:Kickstarter-finansierte album