Malta debuterte i Eurovision Song Contest i 1971 med songen «Marija l-Maltija», sungen av Joe Grech. Sidan den gong har Malta delteke 34 gongar. Bidraga vert valde gjennom ei nasjonal utveljing, arrangert av allmennkringkastaren PBS. Malta har aldri vunne tevlinga, men har kome på andreplass to gongar; i 2002 og 2005. Malta har kome sist tre gonger; i 1971, 1972 og 2006. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Malta kvalifisert seg til finalen 10 av 18 gongar, seinast i 2021.
Historikk Det er den maltesiske allmennkringkastaren PBS som sender Eurovision Song Contest på Malta, og som vel artisten og songen som skal representere landet i Eurovision Song Contest. Malta debuterte i konkurransen i 1971 med songen «Marija L-Maltija», framført på maltesisk av Joe Grech. Malta fekk ein svak start i tevlinga, med sisteplass på sine to første forsøk, i 1971 og 1972. Landet heldt seg borte frå konkurransen dei to neste åra, og kom tilbake i 1975. Det året enda Malta på 12. plass av 19 deltakande land. Malta skulle òg ha delteke i 1974 og 1976, men trekte seg frå tevlinga av ukjende årsaker.
Returen Landet hadde ein pause på heile 16 år. Malta forsøkte å få deltake i 1990, men Den europeiske kringkastingsunionen hadde sett ei øvre grense på 22 deltakande land. Året etter valde Nederland å stå over tevlinga, og dimed vart det plass til Malta. Returen vart ein suksess, og Malta enda opp blant dei ti beste åtte år på rad. I 1998 var Malta nær ved å vinna, men vart slått på målstreken av Israel og Storbritannia. Også i 2002 var Malta nær ved å vinna, men måtte gje tapt for Latvia då dei siste poenga kom inn. Malta fekk ein ny andreplass i 2005.
Etter 2005 har Malta hatt liten suksess i Eurovision Song Contest. Maltas tredje sisteplass kom i 2006, og dei fem påfølgjande åra kvalifiserte Malta seg til finalen berre éin gong. Etter 2012 har Malta kvalifisert seg til finalen kvart år, med unntak av 2015 og 2017 . Åttendeplassen i 2013 er Maltas beste plassering dei siste ti åra.
Malta er det mest suksessrike landet som framleis ikkje har vunne Eurovision Song Contest. Det er også eit av landa som har flest deltakingar utan ein siger; berre Kypros har delteke fleire gonger utan å vinna per 2022.
Språk Sidan engelsk er eit av dei offisielle språka på Malta, har Malta hatt føremonen av å synga på engelsk. Berre to gonger, i 1971 og 1972, har Malta sunge på maltesisk. I 2000 inneheldt songen «Desire» tre linjer på maltesisk.
Bidraga i Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1971 Joe Grech «Marija l-Maltija» Maltesisk 52 18 1972 Helen og Joseph «L-imħabba» Maltesisk 48 18 colspan=8 Enzo Guzman «Paċi fid-Dinja» Maltesisk colspan=2 1975 Renato «Could It Be» Engelsk 32 12 Enzo Guzman «Sing Your Song, Country Boy» Engelsk colspan=2 colspan=8 1991 Paul Giordimaina og Georgina «Could It Be» Engelsk 106 6 1992 Mary Spiteri «Little Child» Engelsk 123 3 1993 William Mangion «This Time» Engelsk 69 8 1994 Chris og Moira «More Than Love» Engelsk 97 5 1995 Mike Spiteri «Keep Me In Mind» Engelsk 76 10 1996 Miriam Christine «In a Woman's Heart» Engelsk 68 10 138 4 1997 Debbie Scerri «Let Me Fly» Engelsk 66 9 1998 Chiara «The One That I Love» Engelsk 165 3 1999 Times Three «Believe 'n Peace» Engelsk 32 15 2000 Claudette Pace «Desire» Engelsk og maltesisk 73 08 2001 Fabrizio Faniello «Another Summer Night» Engelsk 48 9 2002 Ira Losco «7th Wonder» Engelsk 164 2 2003 Lynn Chircop «To Dream Again» Engelsk 4 25 2004 Julie og Ludwig «On Again... Off Again» Engelsk 50 12 74 8 2005 Chiara «Angel» Engelsk 192 2 colspan=2 2006 Fabrizio Faniello «I Do» Engelsk 1 24 colspan=2 2007 Olivia Lewis «Vertigo» Engelsk colspan=2 rowspan=2 15 25 2008 Morena «Vodka» Engelsk 38 14 2009 Chiara «What If We» Engelsk 31 22 86 6 2010 Thea Garrett «My Dream» Engelsk colspan=2 rowspan=2 45 12 2011 Glen Vella «One Life» Engelsk 54 11 2012 Kurt Calleja «This Is the Night» Engelsk 41 20 70 7 2013 Gianluca Bezzina «Tomorrow» Engelsk 120 8 118 4 2014 Firelight «Coming Home» Engelsk 32 23 63 9 2015 Amber «Warrior» Engelsk colspan=2 43 11 2016 Ira Losco «Walk on Water» Engelsk 153 12 209 3 2017 Claudia Faniello «Breathlessly» Engelsk colspan=2 rowspan=2 55 16 2018 Christabelle «Taboo» Engelsk 101 13 2019 Michela «Chameleon» Engelsk 107 14 157 8 Destiny Chukunyere «All of My Love» Engelsk colspan="4" 2021 Destiny Chukunyere «Je me casse» Engelsk og fransk 255 7 325 1 2022 Emma Muscat «I Am What I Am» Engelsk rowspan=3 colspan=2 47 16 2023 The Busker «Dance (Our Own Party)» Engelsk 3 15 2024 Sarah Bonnici «Loop» Engelsk 13 16 2025 Miriana Conte «Serving» Engelsk 91 17 53 9 2026 «» Engelsk og maltesisk
Røystehistorikk (1975–2019) Finalane
+ Malta har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 164 02 134 03 125 04 94 05 90
+ Malta har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 94 02 87 03 82 04 78 05 77
Semifinalane
+ Malta har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 81 02 66 03 57 04 51 05 48
+ Malta har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 55 02 54 03 52 04 45 05 43
Galleri
Sjå òg Malta i Junior Eurovision Song Contest
Fotnotar
Kjelder
Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Malta i Eurovision Song Contest» frå , den 11. april 2020.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Musikk på Malta