Hjerleid skole og handverksenter, tidlegare kalla Hjerleids Husfidsskole og anna er eit kultursenter og ein friskule på Dovre i Innlandet fylke som mellom anna gjev opplæring i treskjering, smiing og andre tradisjonshandverk. Senteret omfattar Handverksskolen, som gjev utdanning for treskjerarar, Senter for bygdekultur, som er eit kurs- og kompetansesenter innan tre og handverk, Dovre Handverksenter og fleire små, sjølvstendige bedrifter. Eigarane er stiftinga Norsk Kulturarv og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Historie Hjerleidske hudflidskole vart grunnlagt under namnet «Håndgjerningsskole for gutter» av målarmeister Halldor Hjerleid (1821–1888) og kona Randine i 1886.Norsk biografisk leksikon om Haldor Hjerleid Skulen utdanna snikkarar, skomakarar og etter kvart òg fleire andre handverkarar. Samme år som skulen starta opp, hadde Kunstindustrimuseet i Kristiania oppretta treskjerarskule på Lesja med Hans Larsen Lindsø (1843–1925) som lærar.Store norske leksikon om Halldor Hjerleid (fri gjenbruk av tekst) Treskjerarskulen flytta året etter til Dovre, og dei to skulane vart formelt slegne saman i 1903lokalhistoriewiki.no om Hjerleid skole og håndverksenter med Lindsø som lærar i treskjering. Husflidsskulen fekk ny skulebygning i 1929, vart yrkesskule frå 1948 og vidare bygd ut på 1950-talet.Søkbr digitalkopi av 50 år : Fylkesyrkesskolen på Dovre : Fylkesyrkesskulen og Hjerleids husflidskule : Hjerleid vidaregåande skole (1998) Undervisninga heldt på frå 1930 til 1970 då alt vart flytt til det som seinare vart kalla Hjerleid vidaregåande skule.
Hjerleidutstillinga var ei årleg elevutstilling som fyrste gong vart arrangert i 1903.lokalhistoriewiki.no om Hjerleidutstillinga
Skulen var samlokalisert med Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule inntil hausten 2015, då den offentlege vidaregåande opplæringa på Hjerleid vart flytt til Dombås.NRK Hedmark og Oppland 2013: Flytter videregående skole fra Hjerleid til Dombås
Frimerkedesignaren Sverre Morken var treskjerarelev ved Hjerleid før han byrja på bokkunstlinja ved Statens handverks- og kunstindustriskule. Også dyreskulptøren Bjørn Sørvang Hansen har utdanning frå skulen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hjerleid skole og håndverkssenter» frå , den 26. april 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dovre kommune Kategori:Treskjering Kategori:Skipingar i 1886