Øvre Sund bru er ei bru over Drammenselva i sentrum av Drammen. Brua utgjer ein del av Fylkesveg 282 og Sentrumsringen, og var opna 9. september 2011. Brua er ein del av Vegpakke Drammen og det siste prosjektet i Sentrumsringen. Øvre Sund bru forbind Grønland (sør) og Hamborgstrøm (nord).
mini|venstre|Øvre sund bru fotografert frå sørvest i den blå timen.
Lengda til brua er på 148 m, lengda inkl. brokar er 250 meter. Det er to køyrefelt i kvar retning i tillegg til separat sykkelveg med fortau. Lengda på delen med sykkelveg og fortau er noko kortare enn hovudspennet. Dei totale prosjektkostnadene var på 527,5 millionar kroner.
I 2000 vart ein arkitektkonkurranse kunngjort, og den vart vunnen av Bovim-Fuglu-Svingen Arkitektar (seinare Nuno Arkitektur).
Sjå òg Bruer i Noreg Bruer i Noreg etter lengd Drammen bybru Ypsilon bru
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Øvre Sund bru» frå , den 1. mai 2020.
Litteratur
Anne-Beth Jensen: «Raffinert bruløsning», s. 126-129 i Byggeindustrien, Nr. 7/2011. ISSN 03327086.
Kategori:2011 i Noreg Kategori:Bruer opna i 2011 Kategori:Vegar i Drammen Kategori:Vegbruar i Buskerud