DS «Musca» (kallesignal LCEU) var ein taubåt bygt i 1920 for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) for buksering på hamna i Bergen.
Historie Skipet vart bygt ved Storemøllens Patentslip & Mek. Verksted i Bergen og kosta 40 000 kroner då det vart levert i 1920.
12. mai 1924 fekk båten fyrgangen for kjelen nedbrendt. Skipet vart reparert ved verftet til BDS i Laksevåg. 30. oktober 1926 hadde «Musca» ein båt på slep då båten «Harald» kom bakkande og rende i «Musca». Taubåten sprang lekk og vart ført inn til Tollbodkaien.
21. april 1940 vart skipet rekvirert av tyske Kriegsmarine. I april 1944 vart båten sterkt skadd under eksplosjonen på Vågen og vart slengt opp på Festningskaia og sterkt skadd. Kapteinen ombord omkom og vart aldri funnen. Dekksmannen og maskinisten overlevde utan større skadar. Båten vart reparert på Stord.
2. desember 1947 var «Musca» involvert i ein kollisjon. Taubåten skulle om ettermiddagen gå frå Bryggen til Bradbenkhopen for å gå i opplag for natta, då han vart pårent av , som manøvrerte på Vågen. Støyten var ganske kraftig og «Musca» vart sendt mot «Snurp 3», som låg ved Bradbenk-kaien. «Snurp 3» vart råka på babord side og baug og fekk eit stort sår i skroget og ankerklysset kløyvd. «Musca» fekk ingen skadar.
I 1951 vart båten selt til ein ukjent eigar i Stavanger og omdøypt «Sabben». Kva som skjedde vidare med båten er ukjend. I 1990 vart båten utgått av flaggboka.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 20 brt og 6 nrt. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin av ukjend merke. Dette gav ei maskinkraft på 65 indikerte hestekrefter.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske taubåtar Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Storemøllens Patentslip & Mek. Verksted Kategori:Skip frå 1920 Kategori:Heimeflåten