Anda fyr er eit fyr i Øksnes kommune i Nordland. Fyret ligg på den vesle øya Anda, ca. 5 km nord for nordspissen av Langøya og vest for Andøya. Fyret vart bygt i åra 1931–1933, og tent første gong hausten 1932. Det vart automatisert og avfolka i 1987. Den bemanna fyrstasjonen på fyret var den siste som vart oppretta i Noreg.

Anda er eit viktig hekkeområde for lundefugl. I tillegg hekkar òg krykkje, alke, toppskarv, gråmåke, svartbak og teist på Anda. Det er òg ein stor selkoloni ved øya.

Anda naturreservat vart oppretta i 2002, og vart Ramsarområde i 2013.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anda fyr» frå , den 8. mai 2020.

Bakgrunnsstoff

Norsk Fyrhistorisk Forening si side om Anda fyr

Kategori:Freda bygg i Nordland Kategori:Kulturminne i Øksnes Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1933 Kategori:Byggverk i Øksnes Kategori:Fyr i Nordland Kategori:Samferdsel i Øksnes