Ciudad Perdida (spansk for 'Tapt by') er ein arkeologisk funnstad i Sierra Nevada de Santa Marta i Colombia. Han er ein gammal by som ein reknar med blei grunnlagd rundt år 800, om lag 650 år før Machu Picchu. Staden er også kjend som «Teyuna» og «Buritaca 200».
I Ciudad Perdida finst 169 terrassar grovne ut i fjellsida, eit nettverk av hellelagde vegar og fleire små, runde torg. Ein kan berre koma inn til staden ved å gå opp 1 200 trappetrinn av stein gjennom tett jungel.
Moderne oppdaging Ciudad Perdida blei oppdaga i 1972, då ei gruppe lokale skattejegerar fann ei rad steintrinn som gjekk opp fjellsida. Dei følgde trinna og fann ein forlaten by. Då gullstatuettar og keramiske urner frå denne byen byrja å sirkulera på den lokale svartebørsen drog arkeologar leia av Instituto Colombiano de Antropología til staden i 1976. Dei utførte ein komplett rekonstruksjon i tida 1976–1982.
Medlemmer av lokale urfolksstammar – arhuaco, kogi og wiwa – har sagt at dei vitja staden jamleg før han blei vidkjend, men at dei ikkje hadde snakka om han. Dei kallar byen Teyuna og meiner han var hjartet i eit nettverk av landsbyar som husa forfedrane deira, Tairona. Ciudad Perdida var truleg det politiske og industrielle senteret for regionen rundt Buritaca-elva, og kan ha husa 2 000–8 000 folk. Det verkar som om han blei fråflytta under den spanske erobringa.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ciudad Perdida» frå , den 23. mai 2020.
Kategori:Arkeologiske funn i Colombia Kategori:Turistmål i Magdalena-departmentet Kategori:Fråflytta stader i Colombia Kategori:Hendingar i 1972 Kategori:Colombiansk urfolkshistorie