mini|Frank Ole Sætrang som Pysa Pirat i Kaptein Sabeltann og Den Forheksede Øya i 2016.
Pelle og Pysa Pirat er rollefigurar frå førestillingane om sjørøvarkarakteren Kaptein Sabeltann skapt av Terje Formoe. Dei er einegga tvillingar, soner av Malena Pirat frå øya Shangri La. Pelle er nokre minuttar eldre enn Pysa, og reknar seg sjølv som storebror.
mini|venstre|Kai Kenneth Hanson som Pelle Pirat i Kaptein Sabeltann og Den Forheksede Øya i juli 2016.
Pelle og Pysa er komiske roller som lett kan bli forveksla. Begge piratane har lapp over auget, men har begge ifølgje seg sjølv vanska med å hugsa kva auge dei skal ha lappen over. Dei opptrer som uvitande og sjalu, som kranglar om kven som er mest mammadalt. Pelle kan ikkje lesa eller telja, medan Pysa er litt betre til å telja.
Skodespelarar som har opptredd som Pelle Ingolf Karinen Kai Kenneth Hanson Anders Kippersund Geir Kolden Lasse Vermeli Jonas Delerud Jon Erik Myre Emil Bræin Furuli
Skodespelarar som har opptredd som Pysa
Knut Haugmark Ole-Hermann Gudim Lundberg Kai Kenneth Hanson Frank Ole Sætrang Jonas Kippersund Dag Håvard Engebråten Yngvar Nielsen Skuland Markus Bjørlykke Henrik Borge
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pinky» frå , den 8. juni 2020. Artikkelen bygger på «Pinky» frå Kaptein Sabeltann Wiki, gjeve ut under CC-BY-SA.
Bakgrunnsstoff Pelle Pirat ved Kaptein Sabeltann Wikia Pysa Pirat ved Kaptein Sabeltann Wikia
Kategori:Kaptein Sabeltann Kategori:Oppdikta sjørøvarar Kategori:Oppdikta tvillingar