Herøy kommune er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Dei største øyane i kommunen er Nord-Herøy, Sør-Herøy, Tenna, Indre og Ytre Øksningan, Staulen og Seløya. Kommunen ligg mot havet i alle retningar og har ingen landegrenser, men ligg i nordaust mot Dønna, i søraust mot Alstahaug og i sørvest mot Vega. Kommunen har ferjesamband til Sandnessjøen og bru til Dønna.
Ein person frå Herøy vert kalla ein herøyfjerding.
Næringsliv Hovudnæringa i kommunen er fiskeoppdrett og foredlingsverksemd tknytt til denne. Andre viktige næringar er landbruk, fiske, transport, verkstadindustri og tjenesteytande næringar som reiseliv, handel og samferdsel.
Herøy i gammal tid Herøy kyrkje vart bygd i stein på slutten av 1100-talet. Mot slutten av mellomalderen var Helgeland futedømme delt i to sokn eller halvfylke; Herøy i sør og Rødøy i nord. Grensa mellom halvfylka kan ha gått over Dønna og austover slik at Dønnes og Nesna høyrde til Rødøy og Dønnmannen og Leirfjorden høyrde til Herøy halvfylke.
På 1800-talet omfatta Herøy kommune også sørdelen av Dønna, slik at Nordvik sokn høyrde til Herøy.
Kjende herøyfjerdinger Petter Dass (~1646-1707), prest og diktar. Nøyaktig fødestad usikkert, han kan elles vere fødd på Tjøtta eller i Åkvik på Dønna. Hans Inge Fagervik (1952- ), musikar Alf Knutsen , skaparen av fjernsynsserien om redningsskøyta "Elias"
Bakgrunnsstoff Herøyfjerdingen Uoffisiell Herøy-portal Kultur i Herøy på kart frå Kulturnett.no Offisielle sider for Herøy kommune turliv.no - informasjon og bilete frå «kongekaia» ved Herøy bygdesamling
Kategori:Helgeland
Kategori:Kommunar i Nordland