Edward James Stephen Dicey () var ein engelsk skribent. Han var bror av juristen Albert Venn Dicey.
Dicey skreiv flittig politiske artiklar til dei store avisene. Han var lenge medarbeidar i Daily Telegraph, som han var spesialkorrespondent for i fleire land. Nokre månader i 1870 var han redaktør for Daily News og 1870—1889 utgjevar av Observer. Blant dei større verka hans Cavour, a memoir (1861), Rome in 1860 (same år),The Schleswig-Holstein war (1864), England and Egypt (1884), Bulgaria, the peasant state (1895) og The story of the khedivate (1902). Dicey var særleg rekna som ein autoritet på politiske tilhøve i Egypt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Edward Dicey» frå , den 29. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Leicestershire Kategori:Britiske journalistar Kategori:Britiske redaktørar Kategori:Britiske forfattarar frå 1800-talet Kategori:Britiske forfattarar frå 1900-talet