The Dream Mixes er det første remixalbumet til Tangerine Dream og det 52. albumet deira totalt. Albumet er ei samling Tangerine Dream-songar remiksa med ein dance-rytme av Jerome Froese og det første i ein serie som inkluderer TimeSquare – Dream Mixes II (1997), DM3 – The Past Hundred Moons (2001), DM 4 (2003), DM 2.1 (2007) og DM V (2010). I 1996 vart albumet gjeve ut på ny som ei dobbelplate med ytterlegare seks songar. Denne samlinga kom igjen ut i 1998 som Dream Mixes One.
Innhaldet på albumet var nymiksar frå dei nylege albuma til Tangerine Dream: Rockoon (1992), Turn of the Tides (1994) og Tyranny of Beauty (1995) i tillegg til fire spor som ikkje før var gjevne ut. Miksane av dei eldre spora har fått undertitlar som referer til techno- eller DJ-miljøet. Alle spora er prega av sterke rytmar.
Innhald
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Dream Mixes» frå , den 16. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Remiksalbum frå 1995 Kategori:Tangerine Dream-album