Cleveland - June 24th 1986 er det 89. albumet totalt og det 21. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i mai 2005 som eit dobbeltalbum. Dette var det femte av i alt ni album i den såkalla Bootmoon-serien til bandet, som i stor grad bestod av piratkopiopptak frå publikum, men dette albumet har god lyd frå miksebordet. Alle desse platene vart berre utgjeve i eit avgrensa opplag på 10 000 eksemplar og selde til ein ganske høg pris.

Opptaket vart gjort 24. juni 1986 i Cleveland i USA.

Både dette albumet og det neste i serien, Brighton - March 25th 1986, kom òg ut same månaden i ei innpakning kalla Vault IV, som var den fjerde utgjevinga i Vault-serien til bandet.

Innhald

Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Chris Franke – klaverinstrument Paul Haslinger – klaverinstrument

Kjelder

Kategori:Konsertalbum frå 2005 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream