William Henry Beveridge () var ein britisk økonom.

Beveridge tenestegjorde 1908-16 i Board of trade, og tilhøyrde frå 1925 kolkommisjonen. Han tilhøyrde 1906-08 òg redaksjonen av Morning post og var frå 1919 leiar for London School of Economics and Political Science.

Det mest kjende arbeidet hans er The Beveridge report, som blei skriven i løpet av andre verdskrigen. Rapporten, som mellom anna tek for seg sosialforsikring og socialbidrag, påverka oppbygginga av velferdsstaten i fleire land.Bra Böckers lexikon, 1973

Hovudtanken i planen var å gje befolkninga eit grunnleggjande sosialt vern gjennom eit system av obligatoriske avgiftsbelagte forsikringar, som skulle administrerast av staten. I modifisert form blei planen grunnlag for sosialpolitikken utforma av den første regjeringa til det britiske arbeidarpartiet etter andre verdskrigen.

Beveridge blei adla i 1946 til Baron of Tuggal.

Bibliografi

Unemployment: a problem of industry (1909) The public service in war and in peace (1920) British food control (1928)

Litteratur

Paul Addison, The Road to 1945 (Jonathan Cape, 1975). Janet Beveridge, Beveridge and His Plan (Hodder & Stoughton, 1954). Jose Harris, William Beveridge. A Biography (Clarendon Press, 1997). The Beveridge Report and the Development of British Social Security, Tom Yee-Huei Chin, Sun Yat-Seen Institute for Social Sciencis and Philosophy, Academia Sinica

Kjelder

Svensk uppslagsbok. Malmö 1939 Denne artikkelen bygger på «William Beveridge» frå , den 20. august 2020.

Kategori:Britiske økonomar Kategori:Folk frå Rangpur