«Peek-a-Boo» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut i 1988 som den første singelen frå det niande albumst deira, Peepshow.

Melody Maker skildra songen som «ei uventa blandinga av svart stål og popforstyrringar» og meinte songen høyrte til sjangeren «1930-tals hiphop».Mathur, Paul. «Born Again Savages». Melody Maker. 9. juli 1988. «Peek-a-Boo» vart kåra til vekas singel i både Sounds og NME. Sounds skreiv at det var «eit modig grep», «leiken og mystisk». NME skidlra han som «Orientalsk marsj-hip hop» med «fengande trekkspel.»Quantick, David. «Single of the week». NME. 23. juli 1988

PopMatters plasserte sidan songen på 18. plassen på lista si over dei 100 beste alternative singlane frå 1980-åra og meinte instrumenteringa var nyskapande med genial phasing-effekt på vokalen.Gerard, Chris. «The 100 Greatest Alternative Singles of the '80s». Pop Matters. 27. august 2020. Henta 27. august 2020

Rapartisten Sir Mix-a-Lot brukte element av songen på albumet Seminar i 1989.

Salslister Liste (1988) Plassering

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peek-a-Boo (Siouxsie & the Banshees song)» frå , den 27. august 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Music video on Vevo

Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Alternative Songs-lista Kategori:Songar med tekst av Johnny Mercer Kategori:Songar med musikk av Harry Warren Kategori:Songar frå 1988 Kategori:Geffen Records-singlar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Siouxsie Sioux Kategori:Songar skrivne av Budgie Kategori:Songar skrivne av Steven Severin