Det klanglause barke-gnikeljodet, stundom kalla den klanglause barke-yvergangen (latin fricativa glottidalis surda, engelsk voiceless glottal fricative) er eit medljod som finst i nokre talemål og ofte ter seg anten som gnikeljod eller næmeljod fonologiskt, men som oftast vantar dei vanlege fonetiske kjennteikni på eit medljod. Teiknet ein nyttar i det Internasjonale Fonetiske Alfabetet for detta ljodet er [h], og det tilsvarande X-SAMPA-teiknet er h. [h] er sumtid skildra som eit klanglaust sjølvljod av di han i mange mål ikkje retteleg hev dei dragi ein ventar av eit medljod. I staden kann [h], og det klangføre systerljodet [ɦ], skynast som klanglause eller ovanda utgåvor av sjølvljodi kring deim, so at medljodi sjølve berre er kjenneteikna ved stellingi på røystebandi (medan resten av talerøyri tek formi åt ljodi rundt).

Sume mål, millom deim hebraisk og arabisk, hev klanglause barke-gnikeljod som retteleg kann kallast barkeljod. Det vil segja at ljodi i desse måli røynleg hev gniking eller lukking i barkeumrådet (elles kjent som røystebandi).

Kjenneteikn Kjenneteikn på det klanglause barke-gnikeljodet:

I nokre mål, hev det gnikingi ein kjenner frå gnikeljod. I mange, um ikkje flestalle andre mål, stend teiknet berre for ein yvergang i røystebandi, utan å vera serskilt knytt til nokor talerøyrsstelling. Det er difor ikkje uvanlegt å ikkje kalla ljodet for eit rettelegt gnikeljod. Likevel er umgripet gnikeljod enno nytta etter gamal vane. Ljodet kann vera frambore i røystebandi, som gjer det til barkeljod. Når ljodet ikkje hev nokor retteleg gniking, er umgripet barkeljod helder berre ei nemning på korleis snarare en kvar ljodet er laga.

Døme MålOrdIPATydingMerknaderArabiskModerne Standardهائل/haa'il"ovstor"KinesiskKantonesisk海 / hói[hɔːi̯˧˥]"sjo, hav"Taiwanesisk mandarin海 / hǎi[haɪ̯˨˩˦]Bakgoms-gnikeljod på standard mandarinDanskhus"hus"Ofte klangfør millom sjølvljod.Engelskhigh"høg"Esperantohejmo"heim"Estiskhammas"tonn"Færøysk"ho"Finskhammas"tann"TyskHass"hat"GreskKypriskμαχαζί/mahazi"bud"Ein uttale av fyre .Havaiiskhaka"hylla"Hebraiskהַר/har"fjell"HindiStandardहम/ham"me"Ungarskhelyes"rett"Irskshroich"nådde"Finst som svekt form av "f", "s" og "t", og stundom som "h" i lånord. ItalienskToskanski capitani"kapteinane"Ein uttale av millom sjølvljod.Japansk / suhada"berr hud"Koreansk / haru"dag"Kabardiskтхылъхэ/ tkhyl"khė"bøker"Lakotaho"røyst"Navaho"herr"Norskhatt"hatt"PortugisiskMange brasilske målføremarreta"sleggja"Ein uttale av . er næsten ikkje å finna hjå mange talarar, i ser utanfor Brasil.Flestalle målføreHonda"Honda"Minas Gerais (fjellmålføre)arte"kunst"Kvardagsbrasilianskchuvisco"lett regn, yr"Svarar til anten /s/ eller (ut ifrå målføret) i utljod. Kann au takast heilt burt.Romanianhăț"beksel"SerbokroatiskKroatiskhmelj"humleplante"Ein uttale av /x/ når ljodet er fyrste medljod i ei ljodklyngja.SpanskAndaluciskhigo"fiken"Svarar til gamalspanske /h/, som kom frå latinske /f/ men som kvarv i andre målføre.Mange målføreobispo"biskop"Ein uttale av /s/.Sume målførejaca"fole"Svarar til /x/ i andre målføre.Svenskhatt"hatt"

Sjå òg

Hn/Klangført barke-gnikeljod

Fotnotar

Kjeldor

Kategori:Hn/Mål Kategori:Hn/Medljod