Vaterland småkyrkje eller Vaterlandskyrkja låg i Vognmannsgata 25 på Vaterland i Oslo. Dette var den første småkyrkja i Oslo, og ho var distriktskyrkje under Jakob kyrkjelyd.

Kyrkja vart oppført etter teikningar av Heinrich Jürgensen og vart innvigd 22. desember 1899. Ein kyrkjelydssal i tilknyting til kyrkjesalen kunne stengjast av med skuvedører. Kjellaren hadde rom til mindre møte, barnehage og speidergrupper. Vaterlandskyrkja skulle vere open alle dagane i uka og skulle vere utgangspunkt for å løyse praktiske og sosiale problem i området. Kyrkja vart pussa opp i 1949 før ho vart riven i 1960 som ein del av saneringa av Vaterland.

Kjelder Vaterland småkirke i Oslo byleksikon

Denne artikkelen bygger på «Vaterland småkirke» frå , den 20. september 2020.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Norske kyrkjer frå 1899 Kategori:Vaterland