Kjos kyrkje stod ved garden Øvre Kjos (gnr. 33) nordvest for Brandbu tettstad i Gran kommune i Innlandet fylke. Soknet er omtala på 1300-talet, men på 1500-talet var kyrkja anneks til Tingelstad. I 1570-åra vert det fortalt at kyrkjegodset til Kjos er lagt under Tingelstad og inventaret overført til Hamar domkyrkje. Jens Nilssøn stadfestar i sin visitasrapport (1594) at kyrkja er ute av bruk. Kallsboka frå 1732 omtalar kyrkja som ei trekirke — truleg ei stavkyrkje — som framleis står, men i 1743 melder sokneprest Hannibal Hammer at kyrkja er borte. Nicolay Nicolaysen hevdar: «Paa Øvre Kjos stod tilforn en kirke eller et kapel af stavverk.» Delar av ein portalplanke vart observert på garden i 1811, men er sidan forsvunnen.

Kjelder

Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland (Riksantikvaren, 2015), s. 87

Denne artikkelen bygger på «Kjos kirke» frå , den 21. september 2020.

Fotnotar Hadeland. Bygdenes historie 1, s. 267.

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Gran Kategori:Kulturminne i Gran