George Sylvester «Red» Callender () var ein USA-amerikansk kontrabassist og tubaist. Han er kanskje mest kjend som jazzmusikar, men arbeidde òg med pop- og rockeartistar som medlem av The Wrecking Crew, ei gruppe med faste studiomusikarar i Los Angeles.
Tidleg i 1940-åra spelte Callender med Lester og Lee Young, og skipa så sin eigen trio. Seinare i 1940-åra spelte han med Nat King Cole, Erroll Garner, Charlie Parker, Wardell Gray, Dexter Gordon, Uffe Baadh og mange andre. Etter ein periode på Hawaii kom Callender attende til Los Angeles og vart ein av dei første svarte musikarane som arbeidde fast i eit kommersielt studio, og akkompagnerte mellom andre Linda Hayes på to songlar.
I 1957 vart albumet hans Speaks Low ein av dei første moderne jazzplatene for tubasoloistar. Seinare spelte han mellom anna med Art Tatum og Jo Jones (1955–1956) for The Tatum Group, og spelte med Charles Mingus i 1964 på Monterey Jazz Festival, og arbeidde i avantgarde-kvintetten til James Newton, og var fast medlem i Cheatham sitt Sweet Baby Blues Band.
Callender døydde av skjoldbruskkjertelkreft i heimen sin i Saugus i California.
Diskografi Som leiar 1956: Swingin' Suite (Modern) 1957: Red Callender Speaks Low (Crown) 1958: The Lowest (MetroJazz) 1973: Basin Street Brass (Legend) 1984: Night Mist Blues (Hemisphere) ¿? : Red Callender Sextet & Fourtette
Som sidemann Med Louis Bellson Big Band Jazz from the Summit (Roulette, 1962) With Judy Carmichael Pearls (Jazzology, 1985) Med Benny Carter Cosmopolite (Norgran, 1954) Med John Carter Dauwhe (Black Saint, 1982) Med Buddy Collette Man of Many Parts (Contemporary, 1956) Porgy & Bess (Interlude 1957 ) Jazz Loves Paris (Speciality, 1958) Med Maynard Ferguson Maynard Ferguson Octet (EmArcy, 1955) Med Dizzy Gillespie The New Continent (Limelight, 1962) Med Johnny Hodges In a Tender Mood (Norgran, 1952 ) The Blues (Norgran, 1952–54, ) Med Paul Horn Plenty of Horn (Dot, 1958) Jazz Suite on the Mass Texts (RCA Victor, 1965) with Lalo Schifrin Med Sam Cooke Twistin' the Night Away (RCA Victor, 1962) Mr. Soul (RCA Victor, 1963) Med Plas Johnson This Must Be the Plas (Capitol Records, 1959) Med B.B. King L.A. Midnight (ABC Records, 1972) Med Gregg Allman Band Playin' Up a Storm (Capricorn Records, 1977) Med Ry Cooder Paradise and Lunch (Reprise Records, 1974) Chicken Skin Music (Reprise Records, 1976) Jazz (Warner Bros. Records, 1978) Med Donovan 7-Tease (Epic Records, 1974) Med Mavis Rivers og Shorty Rogers Mavis Meets Shorty (Riverside, 1963) Med Peggy Lee Jump for Joy (Capitol Records, 1959) Med Betty Wright Wright Back At You (Epic Records, 1983) Med Pete Rugolo Rugolo Plays Kenton (EmArcy, 1958) The Original Music of Thriller (Time, 1961) Med Randy Newman Good Old Boys (Reprise Records, 1974) Med Patti Austin The Real Me (Qwest Records, 1988) Med Art Tatum og Ben Webster The Art Tatum - Ben Webster Quartet (Verve, 1956 ) Med Gerald Wilson Calafia (Trend, 1985) Med James Taylor In the Pocket (Rhino Records, 1976) JT (Columbia Records, 1977) Med Rickie Lee Jones Rickie Lee Jones (Warner Bros. Records, 1979) Med Maria Muldaur Waitress in a Donut Shop (Reprise Records, 1974)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Red Callender» frå , den 22. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske jazzkontrabassistar Kategori:USA-amerikanske jazztubaistar Kategori:Døde av skjoldbruskkjertelkreft Kategori:Folk frå Richmond County i Virginia Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Jazzmusikarar frå Virginia Kategori:Earle Spencer Orchestra-medlemmar Kategori:The Wrecking Crew-medlemmar