Julie Maria Wilhelmsen () er ein norsk statsvitar som er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).

Wilhelmsen har graden PhD med ei avhandling frå 2014 om den andre tsjetsjenske krigen med tittelen «How War Becomes Acceptable: Russian re-phrasing of Chechnya». I avhandlinga undersøkte ho kva det er som gjer at «vold mot noen grupper eller områder er utenkelig, mens det i andre tilfeller nærmest synes påkrevet?». Wilhelmsen har òg skrive om samanfall i russiske og kinesiske interesser i Sentral-Asia og om russiske tilnærmingsmåtar til kampen mot terrorisme. Ho har ein mastergrad i postsovjetiske og russiske studium frå London School of Economics og ein PhD i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Tidlegare har ho vore tilsett som forskar ved Forskingsinstituttet til forsvaret (FFI).

Wilhelmsen er nestleiar i styret i Den norske Helsingforskomité og har òg arbeidd i Utlendingsdirektoratet. Ho har tidlegare arbeidd i Initiatives for Change-rørsla og som volontør for Mor Teresa i Calcutta.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Julie Wilhelmsen» frå , den 17. oktober 2020.

Bakgrunnsstoff

Omtale hos NUPI Kommentar på nrk om det russiske presidentvalet 2012 Kommentar på nrk til delelinjeavtalen mellom Russland og Noreg Artikkel om Tsjetsjenia, der hender det?

Kategori:Norske statsvitarar