Nederland debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956, og var det fyrste landet til å opptre i Eurovision Song Contest, då Jetty Paerl var fyrste artist til å opptre i finalen med songen «De vogels van Holland». Nederland har delteke 62 gongar og er eit av landa med flest deltakingar i Eurovision Song Contest. Nederland har sidan debuten berre stått over tevlinga fire gongar: i 1985 og 1991, då finalane vart arrangert same dag som det er minnedag i Nederland for offera i andre verdskrigen; og i 1995 og 2002 på grunn av dårlege resultat åra før. Nederland har vunne tevlinga fem gongar: i 1957, 1959, 1970, 1975 og 2019.
Historikk Nederland var eitt av sju land som deltok i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i sveitsiske Lugano i 1956. Nederland fekk æra av å vere det fyrste landet til å opptre i Eurovision Song Contest, med artisten Jetty Paerl og songen «De vogels van Holland». Opphavleg var det allmennkringkastaren NTS og sidan NOS som sendte Eurovision Song Contest i Nederland, men i takt med fleire mediereformer har ulike nederlandske kringkastingsselskap hatt ansvaret for å velje ut det nederlandske bidraget. Sidan 2014 har kringkastaren AVROTROS hatt ansvaret for Nederland si deltaking i Eurovision Song Contest. Finalesendingane vert overførte på den riksdekkjande tv-kanalen NPO 1 via kringkastingsorganisasjonen NPO, som AVROTROS er ein del av.
Dei nederlandske bidraga vart sidan byrjinga valde ut gjennom den nasjonale songtevlinga Nationaal Songfestival. Etter ein serie med svake resultat i perioden 2005-2012, la AVROTROS ned tevlinga og erstatta henne med internt utvalde låtar og artistar.
Opp- og nedturar Nederland hadde ein svært god start i Eurovision Song Contest og vann tevlinga både i 1957 og 1959. Derimot vart 1960-åra ein svak periode for Nederland, blant anna med tre sisteplassar, der to av dei var sisteplassar med null poeng. Men i 1969 vann Nederland Eurovision Song Contest for tredje gong, ein delt siger saman med Frankrike, Spania og Storbritannia. 1970-åra vart ein god periode for Nederland, med ein fjerdeplass i 1972, tredjeplass i 1974 og sin fjerde siger i 1975. Fram mot tusenårsskiftet hadde Nederland svingande resultat i Eurovision Song Contest, og landet måtte stå over tevlinga i 1995 og 2002 på grunn av dårlege resultat åra før. I åtteårsperioden 2005-2012 kvalifiserte ikkje Nederland seg til éin einaste finale, og ingen andre land har hatt så mange semifinale-deltakingar på rad utan å nå ein finale. Fyrst i 2013 snudde rekkja med dårlege plasseringar, då Anouk tok Nederland til finalen med songen «Birds». Ho kom på niandeplass, noko som var den beste plasseringa til Nederland sidan 1999. Finalen vart også det mest sette programmet i Nederland i 2013, med nesten 5 millionar sjåarar.
I 2014 var Nederland nær ved å vinne sin fyrste siger på nesten 40 år, då duoen The Common Linnets vart nummer to med «Calm After the Storm» - berre slått av Conchita Wurst frå Austerrike. Det nederlandske bidraget fekk 12 poeng frå åtte land – deriblant Noreg. Også i 2016-2019 kvalifiserte Nederland seg til finalen, og i 2019 lykkast det omsider for Nederland å få ein ny siger, då Duncan Laurence gjekk til topps med songen «Arcade». Dette var den femte sigeren til Nederland, og den fyrste sigeren på 44 år. På grunn av sigeren skulle Nederland arrangere tevlinga i 2020, men tevlinga vart avlyst i mars 2020 på grunn av koronavirusutbrotet i Europa. Men EBU beslutta at Nederland skal arrangere Eurovision Song Contest i 2021 i staden.
På grunn av dei gode resultata etter 2013 har Eurovision Song Contest oppnådd høg popularitet i Nederland. I 2015 var finalen i Eurovision Song Contest det mest sette programmet på nederlandsk fjernsyn gjennom heile året. 4,3 millionar sjåarar fekk med seg finalen på tv-kanalen NPO 1. I 2017 var det tilsvarande talet nærare 4,1 millionar sjåarar, og då Nederland vann i 2019, vart finalen sett av 4,4 millionar - ein marknadsandel på 75 prosent.
Fråvær Nederland er eit av landa med flest deltakingar i Eurovision Song Contest og har berre stått over fire tevlingar. Både i 1985 og 1991 trekte Nederland seg frå tevlinga, ettersom finalane fall på 4. mai – ein nederlandsk minnedag for daude i krigar og konfliktar etter andre verdskrigen. I 1995 og 2002 vart Nederland tvinga til å stå over tevlinga på grunn av dårlege resultat åra før.
I 2000 deltok Nederland, men kringkastaren NOS avbraut sendinga etter éin time på grunn av fyrverkeriulykka i Enschede tidlegare same dag. Også telefonavrøystinga vart avlyst, og difor kom dei nederlandske poenga frå reservejuryen til Nederland.
Vertskap Nederland har arrangert Eurovision Song Contest fire gongar. Fyrste gongen var i 1958, etter at Nederland vann tevlinga året før. Nederland vann på nytt i 1959, men avstod frå å arrangere finalen i 1960 av økonomiske årsaker. I staden stilte sølvvinnaren Storbritannia opp som arrangør av Eurovision Song Contest 1960 – året då Noreg debuterte i Eurovision Song Contest.
Nederland arrangerte tevlinga for andre gong i 1970, etter å ha vunne i 1960. Sigeren delte dei med Frankrike, Spania og Storbritannia, og Nederland fekk arrangøroppgåva etter ei loddtrekking mellom dei og Frankrike. Spania og Storbritannia var uaktuelle for arrangøroppgåva, sidan dei hadde arrangert dei to føregåande finalane.
I 1976 arrangerte Nederland sin tredje finale, etter at Teach-In vann tevlinga året før med songen «Ding-a-dong». Fjerde og førebels siste gong Nederland arrangerte Eurovision Song Contest var i 1980. Eigentleg var det Israel som skulle arrangere finalen, etter å ha vunne på heimebane i 1979. Israelsk fjernsyn bad difor om å få sleppe arrangørjobben, og etter mykje om og men tok Nederland til slutt på seg oppgåva med å arrangere Eurovision Song Contest i 1980.
Nederland skulle også arrangere Eurovision Song Contest i 2020, men tevlinga vart avlyst i mars 2020 på grunn av koronavirusutbrotet i Europa. I staden vedtok EBU at Nederland skulle arrangere tevlinga i 2021. 16. mai 2020, same dato som finalen i Eurovision Song Contest 2020 skulle ha vore, arrangerte Nederland Eurovision: Europe Shine a Light. Dette var eit direktesendt underhaldningsshow som erstatning for Eurovision Song Contest 2020.
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1956 Jetty Paerl «De vogels van Holland» Nederlandsk colspan=2 rowspan=2 Corry Brokken «Voorgoed voorbij» Nederlandsk 1957 Corry Brokken «Net als toen» Nederlandsk 31 1 1958 Corry Brokken «Heel de wereld» Nederlandsk 1 9 1959 Teddy Scholten «Een beetje» Nederlandsk 21 1 1960 Rudi Carrell «Wat een geluk» Nederlandsk 12 2 1961 Greetje Kauffeld «Wat een dag» Nederlandsk 6 10 1962 De Spelbrekers «Katinka» Nederlandsk 0 13 1963 Annie Palmen «Een speeldoos» Nederlandsk 0 13 1964 Anneke Grönloh «Jij bent mijn leven» Nederlandsk 2 10 1965 Conny van den Bos «'t Is genoeg» Nederlandsk 5 11 1966 Milly Scott «Fernando en Filippo» Nederlandsk 2 15 1967 Thérèse Steinmetz «Ring-dinge-ding» Nederlandsk 2 14 1968 Ronnie Tober «Morgen» Nederlandsk 1 16 1969 Lenny Kuhr «De troubadour» Nederlandsk 18 1 1970 Hearts of Soul «Waterman» Nederlandsk 7 7 1971 Saskia og Serge «Tijd» Nederlandsk 85 6 1972 Sandra og Andres «Als het om de liefde gaat» Nederlandsk 106 4 1973 Ben Cramer «De oude muzikant» Nederlandsk 69 14 1974 Mouth og MacNeal «I See a Star» Engelsk 15 3 1975 Teach-In «Ding-a-dong» Engelsk 152 1 1976 Sandra Reemer «The Party's Over Now» Engelsk 56 9 1977 Heddy Lester «De mallemolen» Nederlandsk 36 12 1978 Harmony «'t Is OK» Nederlandsk 37 13 1979 Xandra «Colorado» Nederlandsk 51 12 1980 Maggie MacNeal «Amsterdam» Nederlandsk 93 5 1981 Linda Williams «Het is een wonder» Nederlandsk 51 9 1982 Bill van Dijk «Jij en ik» Nederlandsk 8 16 1983 Bernadette «Sing Me a Song» Nederlandsk og engelsk 66 7 1984 Maribelle «Ik hou van jou» Nederlandsk 34 13 1986 Frizzle Sizzle «Alles heeft ritme» Nederlandsk 40 13 1987 Marcha «Rechtop in de wind» Nederlandsk 83 5 1988 Gerard Joling «Shangri-La» Nederlandsk 70 9 1989 Justine Pelmelay «Blijf zoals je bent» Nederlandsk 45 15 1990 Maywood «Ik wil alles met je delen» Nederlandsk 25 15 1992 Humphrey Campbell «Wijs me de weg» Nederlandsk 67 9 1993 Ruth Jacott «Vrede» Nederlandsk 92 6 1994 Willeke Alberti «Waar is de zon?» Nederlandsk 4 23 1996 Maxine og Franklin Brown «De eerste keer» Nederlandsk 78 7 63 09 1997 Mrs. Einstein «Niemand heeft nog tijd» Nederlandsk 5 22 1998 Edsilia «Hemel en aarde» Nederlandsk 150 25 1999 Marlayne «One Good Reason» Engelsk 71 8 2000 Linda Wagenmakers «No Goodbyes» Engelsk 40 13 2001 Michelle «Out on My Own» Engelsk 16 18 2003 Esther Hart «One More Night» Engelsk 45 13 2004 Re-Union «Without You» Engelsk 11 20 146 6 2005 Glennis Grace «My Impossible Dream» Engelsk colspan=2 rowspan=8 53 14 2006 Treble «Amambanda» Kunstig språk og engelsk 22 20 2007 Edsilia Rombley «On Top of the World» Engelsk 38 21 2008 Hind «Your Heart Belongs to Me» Engelsk 27 13 2009 De Toppers «Shine» Engelsk 11 17 2010 Sieneke «Ik ben verliefd (Sha-la-lie)» Nederlandsk 29 14 2011 3JS «Never Alone» Engelsk 13 19 2012 Joan Franka «You and Me» Engelsk 35 15 2013 Anouk «Birds» Engelsk 114 9 75 6 2014 The Common Linnets «Calm After the Storm» Engelsk 238 2 150 1 2015 Trijntje Oosterhuis «Walk Along» Engelsk colspan=2 33 14 2016 Douwe Bob «Slow Down» Engelsk 153 11 197 5 2017 O'G3NE «Lights and Shadows» Engelsk 150 11 200 4 2018 Waylon «Outlaw in 'Em» Engelsk 121 18 174 7 2019 Duncan Laurence «Arcade» Engelsk 498 1 280 1 Jeangu Macrooy «Grow» Engelsk colspan="4" 2021 Jeangu Macrooy «Birth of a New Age» Engelsk og sranan tongo 11 23 colspan="2" 2022 S10 «De diepte» Nederlandsk 171 11 221 2 2023 Mia Nicolai og Dion Cooper «Burning Daylight» Engelsk colspan=2 7 13 2024 Joost Klein «Europapa» Nederlandsk colspan=2 182 2 2025 Claude «C’est la vie» Fransk og engelsk 175 12 121 3
Røystehistorikk (1957-2021) Finalane
+ Nederland har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng1 1902 1863 1794 1675 158
+ Nederland har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng1 1862 1583 1514 1475 138
Galleri
Eurovision Song Contest i Nederland År Stad Arena Programleiarar 1958 Hilversum Studioane til AVRO Hannie Lips 1970 Amsterdam RAI Congrescentrum Willy Dobbe 1976 Den HaagNederlands Congresgebouw Corry Brokken 1980 Marlous Fluitsma Rotterdam Rotterdam Ahoy Chantal Janzen, Edsilia Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager 2021
Eurovision: Europe Shine a Light 16. mai 2020 arrangerte Nederland Eurovision: Europe Shine a Light. Dette var eit direktesendt underhaldningsshow som erstatning for Eurovision Song Contest 2020, som vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet. Chantal Janzen, Edsilia Rombley og Jan Smit var programleiarar for sendinga.
År Stad Arena Programleiarar 2020 Hilversum Media Park Studio 21 Chantal Janzen, Edsilia Rombley og Jan Smit
Sjå òg Nederland i Junior Eurovision Song Contest
Referansar
Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Nederland i Eurovision Song Contest» frå , den 23. oktober 2020.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest